Veke 24: BIKINIFITNESS

It don´t matter what you did or didn´t eat over the past few weeks. What matters now is what you eat today and every day moving forward. 

img_0227

Har du fleire dårlege, usunne dagar enn gode, sunne dagar? Det er aldri for seint å snu trenden. Eg, som mange andre, har vore i alle endar av skalaen, og eg veit kor eg fortrekker å vere. Eg har vore i den kjipe enden av skalaen i eit par månadar skal eg fortelle dere, og det kjennast virkelig på kroppen.

Eg er takknemlig for nedturane mine, fordi eg lærer meg sjølv å kjenne endå meir. Gjett om eg er glad for å vere igang igjen med dietten og ny motivasjon på trening no då?! Eg har ikkje hatt dei 2 beste første vekene på dietten, fordi eg denne gongen kanskje ikkje bestemte meg skikkelig? Man må ha det øyeblikket man faktisk bestemmer seg. Og det hadde eg i går. Og no kjenner eg at eg gleder meg til neste treningsøkt og eg ser fram til å ikkje spise det eg lett kunne falt for å spise ellers.

Korleis får man det øyeblikket man faktisk bestemmer seg? Vel, for min del har dette tidlegare skjedd etter lange periodar med feil mat og lite trening, når eg føler meg dass rett og slett, når eg kjenner den sosiale angsten trenge seg på, og eg føler meg litt trist igjen sånn heilt plutselig utan egentlig ein årsak. Eller det kan vere ei setning i ei bok som treffer meg så hardt at eg virkelig forstår kva det er eg faktisk vil i dette livet. Eller det kan vere eit sitat, eit bilde av den eg var før, eller til og med ei bemerkning.

Bestem deg og kom deg tilbake i det riktige sporet! Kva er det egentlig du vil i dette livet? Har du tenkt på det? Veit du det? Veit du kva som skal til for at DU kjem deg tilbake på den rette sti?

img_0309

I dag trente eg forresten med min PT Ingvild Lien. Knebøy, benkpress og markløft. Har lagt min elsk på mark. I dag blei det 3 reps på 100 kg x 3 sett var det vel. Håper å makse i alle 3 øvelsane før året er omme. Då har eg noko å gå utifra til neste år, og eg kan sette meg nye mål eg skal greie til neste jul! Er så gøy med treningsrelaterte mål! Også må eg så klart ha nokre delmål. Eg og nokre andre i Planet LA lifestyle (som er facebookgruppa til alle som er med i Bikiniakademiet, alle dei som får webcoaching i LA lifestyle og alle som har kjøpt Buttlift-programmet osv) har som mål å greie 5 pullups innan 1.mai. Wuhu, skal eg greie det må eg virkelig øve! Eg klarer 1. Nesten 2. Men dess lettare eg blir, dess mindre blir det for meg å løfte meg sjølv. Og dess sterkare eg blir, dess enklare blir det jo å løfte kiloane mine.

Måtte dere få ei fantastisk fin førjulshelg! Her skal den bare nytast! Med trening, sunn mat og familien.

Snapchat: Neeten

Instagram: ptanitaveberg