Veke 5: BIKINIFITNESS
Wow. Eg blir rørt. Eg gråt nesten når eg gikk på vekta i dag. Eg er jammen blitt sentimental på mine eldre dagar 😉 Men det følast bare så fint å ha det så godt og eg føler meg takknemlig fordi dietten går så bra. Då TEAMLALIFESTYLE starta med eit mål om bikinifitness for 5 veker sidan, huskar eg så godt at Lene Alexandra, vår coach, skreiv til oss: Ikkje tenk, ikkje spør, bare gjør. Ho skreiv det kanskje ikkje så strengt, med det gjorde til at eg forstod kva som måtte til, og eg gjer som eg blir fortalt. I eit innlegg ho la ut på Instagram, eller var det på Snapchat, skreiv ho «diett er lett». Og ho skreiv om det på bloggen sin, at for ho var det enkelt då ho sjølv gjekk på bikinifitness-diett. Og ho stakk av med seieren i Los Angeles. Tanken har faktisk all kraft. Det at ho skreiv at ho følte at det var lett, har vel gjort til at det følast lett for meg og. For det er som ho seier: Diett er lett. Spesielt når vi får over 2000 kalorier per dag og likevel blir fastere i fisken. Det kan eg like.
Det har med samansetning av maten. Av karbohydratene, fettet og proteinene. At vi får i oss det kroppen vil ha, responderer godt på og benytter som diesel. Eg har skreve litt om dette på Teamfitsnap i dag, som er ein snapchat-konto som eg er vertinne for 2 dager i månaden. Treningsglade folk som deler av sin kost, trening og kvardag.
Om man klarer å fokusere på det ein faktisk får lov å spise, og ikkje fokuserer sine krefter på å klage over det ein ikkje får spise, så går det mykje lettare. It’s all about the mindset. Og det er utrulig kor viktig tankegangen er. I alt vi gjer kvar dag. I jobb, trening, livsstil. Alt. Tenk positive tankar, og det positive gror. Amen to that.
Etter 5 veker på denne dietten er eg som sagt på gråten og rørt av det som skjer med meg og kroppen min. Resultatene er fantastiske, og eg er så glad for å få vere med på denne reisa.
Dagens mål og vekt:
Bryst: -0,3 cm
Midje: -1,0 cm
Mage: -0,4 cm
Hofte: -1,2 cm
Rumpe: -0,2 cm
Lår: -0,8 cm
Overarm: -0,2 cm
= 4,1 cm mindre enn forrige veke og tilsaman er eg no 23 cm mindre på 5 veker.
Vekt: -1,2 kg på 1 veke. På 5 veker er eg heile 5,4 kg lettare. Er det mulig? Med så mykje mat? Jepp, det er det. Og det følast fantastisk!
I have my eyes on the goal and the brain of discipline! 😀
Å gå fra overvektig og deprimert med sosial angst til å vere entusiastisk over livet, positiv som få og så treningsglad som eg er blitt, vel, det er vel difor eg er så takknemlig over alt som eg er. Livet er jo bare magisk. Ha ei vidunderlig langhelg dere, nyt den med dei dere er glade i.
Love ya’all <3