At noko så overfladisk skal sitte så djupt…

Sjølv om eg ikkje oppdaterer så ofte her som eg ønsker, så jobber eg stadig med å finne ut kva som ligg bak ein spiseforstyrrelse og ein mindreverdighetsfølelse. Kva som gjer at vi kjenner oss deprimerte og får sosial angst. Kvifor vi føler oss skamfulle.

 

Det at vi jojoslankere og overvektige føler oss mindreverdige er truleg fordi vi legger vår verdi i korleis vi ser ut. Eg kan ofte kjenne på at eg føler meg av mindre verdi, fordi eg er overvektig. Fordi eg ikkje er den eg trur samfunnet vil sjå. Fordi eg ikkje er den eg var. Det er jo vanvittig overfladisk, og ein skulle tru at eg bryr meg kun om utsjånaden. Men det er så utruleg feil. Det er dog ingen hemmelighet at eg vil ned i fettprosent, spesielt for helsa sin del. Men det er heller ingen hemmelighet at eg drømmer om å føle meg god nok akkurat som eg er akkurat no. Og begge deler er fullt mulig. Men det krever sjukt mykje jobb.

 

Først og fremst må ein finne ut av kvifor vi føler det slik vi gjer. Kva er det som ligg bak? Eg husker så godt dei kommentarane eg har fått i tidlegare år. Og kortid dukker desse kommentarane opp? Jo, straks eg har lagt på meg, og er fyldigare enn eg har vore. Straks eg ikkje er slank lenger. Desse kommentarane som fekk meg til å trøstespise og gråte i skjul. Alt frå 12-13 år til langt opp i 20-åra. «No trur eg Anita har lagt på seg litt.» sa du, og såg på låra mine mens eg satt på ein benk. Kven er det ikkje som har breiare lår når ein sit uansett?! Det er heilt normal, og det skal vere sånn! «No må du slutte å ete all den chipsen, Anita.» Kva veit du om at eg spiste mykje chips?! Den gong var det ikkje ein gong sosiale medier. Og vi budde ikkje ilag. Så kva veit du?! «Så feit du har blitt!» ropte du, då eg møtte deg og vennegjengen din i sentrum. Kan ikkje huske at vi ein gong har prata ilag, kva gir deg retten til å rope ut noko slikt til nokon? «Anita Fettberg», sa du, og du skulle bare visst kor mykje det såra meg mens vi sat på kafeen og bare prata. Sjølv om du kanskje ikkje meinte noko gale med det, du trudde vel du bare var morsom.. «Du har rar kroppsform», sa du når eg skulle prøve ein kjole, og du tok mål rundt hofte og midje. «Du minner meg om …navn…, ho også er fyldig i kinna!» Jo, hei til deg og, aldri møtt deg før, kva veit du om at eg liker å vere fyldig i kinna, og bli samanlikna med eit menneske eg ikkje veit kven er?

 

Eg har mange andre på lager, men det får holde no. Det dumme er at eg husker desse som om dei var rissa inn i huda. Så vondt var det. Så det er kanskje ikkje så rart at eg legger min verdi i utsjånaden min og det å vere smalare. Fordi når eg ikkje er det som er slank i andre sine auge, får eg alle slags rare kommentarar frå menneske som ikkje har lært seg kva slike ord kan gjere med nokon som allerede sliter. Aldri kommenter andre sin kropp, du har absolutt ingenting med det. 

 

Om du er som meg, og er skamfull fordi du er overvektig, så er det muligens altså fordi du legger din verdi i å sjå slankare ut. Du legger din verdi i kroppen din og utsjånaden din. Men no når du veit dette, går det an å jobbe vidare med det! Vil dere vite kva eg har gjort i det siste som faktisk har hjulpet meg veldig??

 

  • Eg slutta å følge dei som gjorde at eg følte meg ille på Instagram. Og begynte å følge personer som viser kor fantastisk flotte dei er, med alle sine cellulitter, sine ekstra kilo, laus hud og bilringer. Tips til slike kontoer er for eksempel @Bodyposipanda, @Ariellanyssa og @Dianasikorai. Det er så befriande å scrolle nedover feeden min på IG, og sjå mange ulike mennesker i alle størrelser, og det er slik verda er! Mange ulike menneske, store og små! Eg følger framleis slanke personer altså, blant anna venner, og ulike treningsprofiler. Eg følger dei som gir meg treningsmotivasjon og lyst til å trene og røre på meg! 🙂
  • Eg skriver kvar dag kva eg er takknemlig for, minst 3 ting, og ofte skriv eg ned kva eg er takknemlig for med kroppen min! Det kan vere så mangt, for eksempel at eg er takknemlig for kroppen min, fordi den er sterk og klarer å løfte tungt. Eller at eg er takknemlig for tærne mine, for at eg har balanse. Eller for fingrane mine, som elsker å skrive. Eller for augene mine, som kan sjå mine nydelige barn. Eller for nasa mi, som kan lukte den deilige naturen. Det kan vere alt mulig, bare vær takknemlig for kroppen din! Vi må prøve å bli glad i den igjen. Den gjer sitt beste for å holde oss oppe. Den fortjener all den ros den kan få!

 

Og til info, så går det mykje bedre med meg no, enn kva det gjorde for ei lita stund tilbake. Takk til alle dere støttande, gode menneske som bryr dere. No har eg sommarferie saman med barna, men prøver å ha litt heimekontor iblant likevel, pluss spinningtimane mine på Spenst. I sommar er det barna og trening som er fokus. Istadenfor å sitte heime og ha sosial angst, skal eg dra med meg barna på fjellturar. Istadenfor å tenke kor mange kilo eg vil ned, skal eg tenke på kor mange kilo eg klarer å løfte. Istadenfor å nekte meg is, skal eg spise masse is! Men og spise masse gode sommersalater! 😉 Det blir ein digg sommar!

 

Sommarklem frå Anita