Floke har gjort meg klar for ferie!

Vacation mood on!

I morgen reiser eg og min familie på 5 avgårde på sommerferien 2018. Vi skal først innom Sverige, deretter Danmark, og til slutt Tyskland. Det blir campingferie i Danmark og byferie i Tyskland; Så alt fra Legoland i Billund til konsentrasjonsleir i Berlin skal vi oppleve, og eg ser fram til nye minner og opplevelser med gjengen min. Men aller først, ei helg i Sverige, saman med selskapet mitt, på årets høgdepunkt; Summerparty på Slottet.

Eg elsker å reise, og eg kjenner virkelig at eg lever og nyter livet når eg reiser og opplever nye stader. Og når eg er på reisefot ønsker eg å bruke mest mogleg tid på å nyte, sjå, oppdage, oppleve og danne nye minner. Det eg ikkje ønsker å bruke mykje tid på er å stå på badet! På campingsanitæren og rette ut håret i klam, dampande hete fra fellesdusjen. Det varme, rykande håret mitt som klistrar seg fast til den svette nakken min medan eg prøver febrilsk å føle meg like rein og fresh som rett etter den nylege dusjen. Nei takk.

Derfor var eg atter ein gong hos Melinda på Floke Jølster og fekk keratinbehandling i håret mitt forrige veke. Og håret fekk ei totalforvandling til det bedre! Enorm skilnad!

Håret er vaska og fønt tørt på same måte både før og etter behandling! Det er rart kor stor skilnad det blir, og kor utruleg mykje friskare og sprekare håret mitt ser ut no i etterkant. Det er ein sann befrielse å ikkje måtte rette ut håret kvar gong etter dusj og føn, og det sparar mykje tid som eg kan bruke på andre ting. For er det noko eg ikkje liker å sløse med, så er det tid. Tida vår er dyrebar! Tida går fort, men vi er piloten, så vi kan velge sjølv kva vi ønsker å bruke den på.

Og som vanleg kosar eg meg i rolege omgjevnadar på fylkets fredeligaste salong med kaffe, verdens beste ingefærshot og sjokolade på Floke Jølster. Les meir om Melinda´s ulike tilbod og prisar HER.

Eg fekk med meg heim eit reisesett fra John Masters Organics og ein tørrsjampo fra Evo. Tørrsjampo er genialt å ha med seg på ferie, og ellers når man ønsker å bruke mindre tid på badet, eller bare treng å utsette hårvasken ein dag. Tørrsjampoen trekker fukt, fett og produktrester ut av håret, slik at det følast friskare, reinare og luktar godt. Den ser ut som ein hårspray, men er meir som eit pulver ein sprayer i håret. Tørrsjampo har også ein fabelaktig bonuseffekt; Den fungerer heilt ypperlig som eit stylingprodukt, med godt hold når ein ønsker å sette opp håret. Smart hårprodukt å ha med seg på tur!

Så no er denne dama klar for ferietur! Og rettetanga? Den blir igjen heime!

Klem fra Anita