Helgevibber

Fredager er så fine!

Når alle var sendt av gårde, og sistemann kl.08.15 i går, smakte den nytrekte kaffien ekstra godt. Den lille stunda når eg bare kan slappe av og roe heilt ned, når alle har fått frokost, smurt niste, fått på seg klede, pakka sekken, komt seg av gårde. Då nyter eg virkelig den stille morgonstunda med kaffikoppen i heilt stille omgivelsar.

Deretter jobba eg litt med pc-en på fanget, før eg tok klesvasken og oppvaskmaskina. Litt mat må til, og dei ferdiglaga matboksane mine med kylling, grønsaker og nøtter stod klar til å nytast. 1 matboks + 1 eggemuffins.

Når sola kom snikande mot huset, gjekk eg og huskyjenta på tur. Vinterstøvlar blei bytta ut med joggesko, sidan det var ingen is og snø igjen på vegen. Ørna glei elegant over meg, musikken i øyret var forfriskande, snøen smelta overalt og vatnet i bekken rant. Vårfølelsen er eit faktum!

Vel heime igjen stod støvsuging og gulvvask for tur. Nyvaska hus er så deilig når det går mot helg! Stua har fått fine, gule roser på borda, og det gir ikkje mindre vårfølelse.

Når mellomstemann kom heim med skulebussen, måtte vi spise nokre omelettmuffinsar til, medan vi prata om dagen og andre vesentlege og uvesentlege ting. Når han gjekk ut for å leike med naboen satt eg meg ned i bloggehjørnet med kaffikoppen og laptopen. Deretter blei det taco. Og på kvelden kom minsten og papsen heim frå verkstaden. Då blei det litt Netflix og Pringles, før senga kalla.

Syns det var ein meget vellykka fredag, eg likar fredagar så godt!

 

No er det lørdagsmorgon. Eg kjente ein slags uro i kroppen i dag, som eg ikkje heilt klarer å forklare, og det einaste eg tenkte som kunne garantert hjelpe mot uro og rastløshet, var ein tur ut. Tur eller trening ER virkelig det som hjelper, nesten uansett kva som plagar. Så det vart ein våt, deilig morgontur ut før kl.08.00. No blir det frokost (det på biletet for meg), mannen reiste nett på verkstaden, medan eg og gutane har heile dagen foran oss utan planar. Det einaste eg veit 100% er at det blir Candy King og film i kveld! 😉 DEILIG.

God helg, mine venner!

 

Klem frå Anita