Kjært barn har mange navn

We are what we repeatedly do. 

Foodprep, mealprep, matprep, matplanlegging. Kjært barn har mange navn. Matplanlegging hjelper meg og mange andre på våre ulike fitnessreiser. Eg har som mål å komme dit at eg er skikkelig stolt av meg sjølv og den tøffe jobben eg har gjort. Og eg kjem ikkje dit uten å ha kontroll på matinntaket mitt. Eg har som mål å finne ein balanse der eg kan balansere fint mellom å unne meg noko når eg har lyst på, og klare å seie nei til meg sjølv når eg ønsker det. Og det klarer eg ikkje uten å ha kontroll på mine matvaner. Eg drømmer om å bli så sterk at eg løfter tyngre enn eg no i det heile tatt kan forestille meg, og eg drømmer om å skinne i ein bikini full i bling som godt voksen dame. Dit kjem eg ikkje uten matplanlegging, mealprep og matbokser.


Kvar mandag og torsdag bruker eg eit par timar av dagen min til å planlegge og lage mat. Det tar gjerne ikkje alltid 2 timar eingong. Og det er kun 2 dagar i veka. Det er overkommelig. I dag, sidan det er mandag, lagde eg for mandag, tirsdag og onsdag.

IMG_3858

I dag gadd eg ikkje engang å skjære opp grønsakene noko særleg. Bare eg får dei i meg kan det jo vere det samme egentlig. Karbonadedeig saman med ris og litt agurk smaker godt med krydder og sukkerfri ketchup. Kylling med ris og grønsaker smaker ypperlig med bittelitt sweet n´sour-saus.

Torsdag lagar eg for heile torsdagen, fredag, halve lørdag og søndag.  Det innebærer vanleg dag etter planen torsdag og fredag, deretter lite karbohydrater på lørdag formiddag, slik at eg kan nyte nokre timar av planen på lørdagskveld. Då spiser eg nett kva eg vil, og det er jo kjekt det og. Å kunne stikke på godteributikken med barna og handle litt smågodt og lage den heimelaga havrepizzaen vi liker så godt. Søndagen er det tilbake på planen igjen, og då må eg jammen holde meg i tøylene for å ikkje sprekke, for når man utsetter seg for ein spisedag med sukker og usunn mat, vil kroppen ha meir av det dei kommande dagane. Så om matboksane mine då ikkje står klare i kjøleskapet søndagsmorgen, kan det gå gale. Slike ting lærer man mens man går, og det følast veldig godt å vite korleis man sjølv tenker og responderer på ulike gamle vaner.


Forrige veke gjekk det i ris, kylling og frosne grønsaker.

IMG_3706

IMG_3745

Og desse 3 var lørdagens formiddagsmåltider. Nøye planlagt og tilrettelagt. Akkurat slik eg må ha det. Iallefall for no.


For det er jo ikkje slik at eg for alltid skal måtte planlegge kvart og eit måltid resten av livet. Og leve i matboksane dag ut og dag inn, veke etter veke, år etter år. Neida. Dette er noko eg må gjere ei god stund framover for å finne ut kva som funker for meg. Kva som må til for å nå måla mine. Eg må lære meg å følge ein plan om eg skal stille i bikinifitness. Eg må lære meg å ha balanse om eg skal holde vekta, noko eg aldri har greidd før. Eg må lære meg å ikkje overspise, om eg ikkje skal bli tjukk igjen. Rett og slett.

Då eg misunte alle dei som planla maten sin og dreiv med mealprep, og fekk det til, tenkte eg at eg og ville gjere slik. Og no gjer eg det, og mestrer det. Stort sett iallefall. For å bli nokon du ikkje har før har vore, må du gjere noko du aldri før har gjort. Det er jo slik vi lærer og blir bedre. Vi må alltid utvikle oss og lære oss nye ting, og vokse oss til den personen vi ønsker å vere, og til den beste versjonen av oss sjølve. Eg kjemper kvar dag for å bli den beste meg. Eg har langt igjen, og eg kjem nok aldri til å slutte å lære nye ting, for eg har det best når eg lærer nytt, mestrer det, utviklast og vokser. Då har eg det som plommen i egget då.

Instagram -storyen i dag har eg gått gjennom litt av dagen min med foodprep og kva eg gjør på ein mandag. Stikk gjerne innom om du vil: ptanitaveberg 

Klem fra Anita