Medan vi ventar på jul..

Let it snow, let it snow, but not on my hair.

Eg var eit siste besøk hos Melinda på Floke Jølster før jul, og kunne nyte deilig egentid med julemagasiner, kaffikoppen og behageleg julemusikk. Melinda toppa heile besøket, som vanleg, med hårvask med massasje. Det er ikkje mange minuttane ein treng med hodebunnsmassasje før ein føler seg totalt avslappa. Og mine 90 minutt avbrekk frå julestria med farge, vask, massasje og klipp gjorde meg klar for julefeiring.

Vel heime hjalp jentungen meg å ta bilete, så dere får sjå min ombre. Ombre er hårfarging med 2 toner, der ein fargar håret i for eksempel mørkt på toppen og lysare nede. Eg har hatt ombre lenge, og får alltid farga over mine små grå i hodebunnen, og friska opp fargen, hos Melinda. Eg klipper ofte tuppane mine og, så min mann kan kose med håret mitt i sofakroken kvar kveld utan at fingrane hans stoppar i håret på grunn av flisete tuppar. Og når det skjer, seier han at det er på tide at eg reiser til Melinda igjen 😉

Om du er tom for julegaveidear, så kan du gå inn på HER og kjøpe gavekort hos Floke.

Kven blir vel ikkje glade for gavekort hos frisør?!

Så då var eg klar for jul! Må bare gjere meg ferdig med julegavene, handle inn siste rest til julemiddagen og litt romjulsmat, fylle julesokkane til barna, pynte juletre og så er det bare KOS på høgt nivå! Eg ELSKER juletida, både førjulstida og romjula, og den går altfor raskt unna kvart år. Men når januar kjem er ein tilbake i eit heilt anna modus, og då er det likevel godt å få det litt minimalistisk igjen i heimen, og alle dei røde nissane og kvite englane pakkast ned til desember igjen. Ønsker dere ei kjempefin siste veke før jul, og husk å NYTE innimellom julestresset då.

– RIKTIG GOD JUL –

 

Klem fra Anita