Overvektig og drittlei?!

Er du drittlei av å vere fastlåst der du er? I dårlige vaner som ikkje får deg nokon veg?

Du spiser og spiser, men drømmer om å ikkje vere slik? Du lengter etter å ville trene, men du tørr ikkje, eller gidder ikkje? Du lengter etter å føle deg bedre, men du veit ikkje kor du skal begynne?

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

Vi er mange som deg. Eg har sjølv vore der og eg hata kvart øyeblikk av det. Uansett kor god den godteposen er kvar kveld når du endelig kan slenge deg på sofaen, så kan det ikkje måle seg med følelsen av mestring på trening, følelsen av å vere stolt av det nye, friske livet og følelsen når den sunne maten begynner å smake fantastisk godt, fordi smaksløkene får leve som vanlig igjen, og ikkje er dekka over av sukkerlag på sukkerlag..

Eg skal i januar i gang med Kurs 2 i det eg kallar «Prosjekt Overvektig og drittlei». Om du allerede no kjenner ein liten grad av angstfølelse for julemåneden som kjem, fordi du veit at du aldri klarer å styre dine lyster og ikkje klarer å motstå fristelsane som kjem på ei snor, så er du nett som meg. Eg gruer meg allerede, men eg er rimelig forberedt. Meir forberedt enn nokon gong tidlegare. Om du trur at du kunne tenke deg ein ny, frisk og sunn start på nyåret, etter ei jul med søtsaker, julemat og kanskje til og med nokre ekstra kilo, så har eg løsningen for deg. Og kvifor ikkje bestemme seg NO?! 🙂

Eg gir deg muligheten til å bli med på 3 måneder (midten av januar til midten av april) på ei total forvandling av livsstilen din! Eg vil lære deg foodprep, det å sette meir pris på deg sjølv, det å tenke meir positivt og bygge bedre vaner. Du får eit kostoppsett, altså ein matplan, med sunn og rein mat. Du får vere blant fleire som gjer det same som deg. Du sender inn vekerapport til meg og vi har personlig veiledning på mail, i tillegg til i vår eiga gruppe på Facebook, der dere alle får daglege oppgåver som gjer dere bedre!  Både praktiske og teoretiske oppgåver, som hjelper dere i prosessen til eit sunnare liv.

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

HER kan du lese meir om Prosjekt Overvektig og drittlei, der du får lest nøye på alle fordelane du får, og kva kriterier eg har.

HER kan du lese om starten med første gruppa. Desse damene er halveis i sitt Kurs 1 no, og det er utrulige resultater! Eg er så glad og takknemlig for å vere med på reisa til desse damene, eg føler meg så stolt og heldig som får vere veileder og coach for mennesker som ønsker min hjelp.

La meg hjelpe DEG å bli bedre. Eg vil lære deg alt eg har lært, og alle teknikkar som skal til for å bygge nye og bedre vaner. Men du. Du må vere villig til å legge vekk unnskyldningane, for det er kun du som kan gjere jobben. Eg kan fortelle deg kva du kan gjere, men det er du som må gjennomføre. Eg gleder meg til å høyre fra akkurat deg!

Send meg ein mail du, så får du meir informasjon! ptanitaveberg@hotmail.com 

 

UPDATE 06.11.2018: Prosjekt Overvektig og drittlei går i sitt siste kull no, og går fra 2019 vidare i ny form. Meld deg på mitt nyhetsbrev for å få tilgang til eit splitter nytt 7 dagers gratis kickstart-kurs, og bli med vidare for å sjå kva som kjem i 2019! 🙂 –> https://anitaveberg.com/subscribe/