Søker sofagriser på 100 kg+ i Førde

Du er nødt til å vere ein nybegynner før du blir noko anna.

 

Sitter du heime, men kunne ønske du var ute og gjekk tur? Har du lyst å finne den meir aktive personen som er altfor godt gøymd inni deg, men klarer ikkje eingong å starte? Drøymer du om å finne tilbake til treninga du gjorde når du var ung, men du føler deg mislykka, for stor eller for treig? Er du overvektig og lat, men kunne så inderlig ønske at nokon kom og drog deg med på noko gøy og aktivt? Har du tid på dagtid og ønsker å bli ferdig med trening før ettermiddag/kveld når familien kjem heim?

 

Då er det DEG eg søker. Eg veit så godt korleis det er å føle seg mislykka, føle seg for tung og stor, og ikkje vite korleis finne tilbake til trening og den spreke meg. Som dere veit så er eg langt fra noko sylfide. MEN eg har tatt så mange grep i livet mitt, at det gjer ingenting at eg no er ei plus size jente. Eg har tatt personleg trenar-utdanning. Eg er spinninginstruktør. Og eg trener styrketrening og går mykje tur. Og eg veit korleis det er å føle seg for stor. Men eg nekter å la det hindre meg! Vi lever kun ein gong! Vi får ikkje fleire sjansar.

 

Og no vil eg hjelpe DEG. Du som sitter på baken, mens du kunne ønske du var ute og sprang. Du som spiser junkfood og godis kvar dag, men kunne ønske du inntok det du innerst inne veit kroppen din treng. Du som treng å danne nye vaner som kan endre ditt liv, men du treng litt støtte og veiledning. Eg vil hjelpe dei som sliter aller mest, dei som virkelig treng mi hjelp. Difor søker eg i hovudsakleg dei som er 100 kg og meir, fordi eg veit sjølv at ved den vekta kan det gå på helsa laus, om ein ikkje er i aktivitet og spiser litt næringsrik mat iblant. Om du kjenner at du virkelig treng hjelp, til tross for under 100 kg, kan du så klart sende søknad, eg les og vurderer alle søknadar med eit hjelpande, forståelsesfullt syn.

Eg tar imot søknadar fra i dag 1.august. Vi startar 1.september. Alle vil få svar siste veka i august, uansett om du blir valgt eller ikkje. Du som blir valgt får 4 timer i september månad der vi inkluderer trening/tur/vanedanning/kostholdstips og mental trening. Eg kjem heim til deg, eller møter deg ved avtalt møtested. 1 gong per veke i 4 veker. Alt dette for kun 1498,- Då er alt inkludert, deriblant mi køyring til og frå deg. Delbetaling kan eg gå med på, om du måtte trenge det. Vi fortsetter fleire månadar om dette er noko du ønsker, og då vil det bli mogleg å binde seg for fleire månadar, for ein litt billigare pris totalt.

 

Send meg ein mail med denne info:

# Navn og adresse

# Alder og vekt

# Tidlegare aktivitet du har gjort, og det du ønsker å gjere igjen

# Aktivitetsnivå no (Eg ønsker å hjelpe dei som treng det MEST, dei som ikkje er i fysisk aktivitet per no)

# Matvaner og det du spiser i løpet av ein dag

# Dine gode, eventuelt beste vaner, i følge deg

# Dine dårlege, eventuelt verste vaner, i følge deg

# Kvifor eg skal hjelpe deg

 

Mailen sender du til ptanitaveberg@hotmail.com. Og får ikkje svar innan eit par dagar om at eg har mottatt mailen din, så send igjen, eller ta kontakt på Facebook-sida mi. 

Og hei! Om du er nervøs for dette, så vit at det er eg også! Tidlegare har eg kun hatt kurs på nett og online coaching. Aldri har eg hatt klienter ansikt til ansikt, så dette blir utruleg spennande, og ut av komfortsonen for oss begge! 🙂

 

Dette blir PLUS SIZE FITNESS, og vi skal ruuuule gata! 😉 #beautybeyondsize

 

Eg håper du sender meg ein mail, om du kjenner deg igjen i det eg skriv. Og om du kjenner nokon som treng mi hjelp, send denne linken deira veg: http://anitaveberg.com/soker-sofagriser-pa-100-kg-i-forde/

 

 

Om du ikkje leste grundig og bare skumma igjennom, håper eg at du kan lese godt gjennom ein gong til, før du sender søknad.

Takk! Håper eg høyrer frå deg.

 

Klem frå Anita