Vegen ut..

For nokre av oss er styrketrening ikkje bare styrketrening. Det er ein veg ut. Det er noko av det beste vi har oppdaga i livet. Terapi. Ei redning.

 

For meg blei styrketrening vegen ut av depresjon. Det ga meg nytt håp. Ny glede. Eg sleit med å tørre meg utanfor dørene, fordi eg ikkje var den personen eg ønska å vere. Men eg kom meg på trening ein dag. Og nokre dager deretter igjen. Og slik fortsatte det. Fordi eg hadde bestilt timar hos personleg trenar. Det er her det heile startar.

Mai 2012. Min første PT-time på Spenst Førde. Eg hadde fått med meg ei veninne. Første timen var vi inne i ein sal, og hadde sirkeltrening. Eg følte meg som ein kval, sjølv om eg egentlig skulle trent meir på å godta meg sjølv som eg var, og syntast det var veldig ok at vi hadde første treningsøkt inne i ein sal for oss sjølve. Vidare begynte vi med styrketrening på apparater, i tillegg til kondisjonstrening på mølle.

Eg blei hekta. Hekta på den befriande treningsfølelsen og ettertreningsfølelsen.

Gravid og ganske trist innvendig på min egen koselige babyshower.

Eg var akkurat ferdig med svangerskapspermisjon, og hadde alltid bebisen på slep. Eg og han trilla ofte heimefra ned til treningssenteret og heim igjen etter trening. Så eg fekk inn ca.1 time ekstra cardiotrening både før og etter trening på den måten.

Då eg og veninna mi var ferdig med våre felles timar fortsatte eg på eige hand. Eg trena nesten kvar dag. Det blei for mykje etter 7 måneder, då eg vart gravid igjen, og eg fekk heilt nok. Eg hadde trent for hardt og for intenst, og kom meg ikkje tilbake på Spenst på lang tid. I det svangerskapet var eg derimot veldig glad i gå tur. Så det blei mange turer på fjellet, og der gjekk eg og trakka heilt til minsten kom til verda, 3 veker før termin.

Med tredjemann på fanget, mange kilo lettare enn forrige barselperiode.

Når han kom til verda søkte eg meg inn på AFPT som personleg trenar-student. Eg hadde funne ein ny lidenskap, og det var trening og sunt kosthald. Eg har alltid likt fysisk aktivitet og sport, men det blei eit altfor langt opphald i nokre år. Eg gikk 1 år på Idrettslinja på folkehøgskule da eg var 20, og der trena vi kvar dag. Med fokus på volleyball i sommarhalvåret og telemark i vinterhalvåret. For eit fantastisk år det var. Om du, eller nokre du kjenner vurderer folkehøgskule, ikkje tvil meir på det, JUST DO IT, det blir eit år du aldri vil gløyme. I veldig positiv forstand.

 

Eg har alltid likt volleyball, fotball og dans, både som barn og som ungdom. Men så blei eg visst voksen då, og eg møtte faren til mitt første barn, og voksenlivet med jobb og som mamma kom i veien. Det blei 10 år utan seriøs trening. 10 år! Frå alderen 20 til 30 år gjekk det mest i min lille familie, hus og mykje jobb, derav fleire jobber på same tid; Stasjonsmedarbeidar, aviskøyring på nattestid og butikksjef på skobutikk.

 

Men så blei det samlivsbrot, flytting, trøstespising, ny kjæreste og kosemat. Eg la på meg meir og meir og attpåtil blei eg gravid. Eg har aldri vore så trist som eg var i det svangerskapet. Men det var og då eg tok grep. Og det var etter han kom til verden, at eg tok mot til meg og reiste på Spenst for å trene. Og det var starten på et heilt anna liv.

 

Dei som har falt ofte, og komt seg opp igjen, er sterkare enn dei som aldri har falt. Og eg har falt mange gonger. Og no, som dere veit, har eg falt igjen.. Men eg er sterkare fordi eg måtte bli det, eg er smartare på grunn av mine feilgrep, eg er lykkeligare på grunn av tristheten eg tidlegare har kjent på, og eg er klokare på grunn av alt eg har lært.

 

Eg er overlykkelig over at eg har oppdaga styrketrening. Kvifor var det ingen som fortalte meg kva denne treningsformen kunne gjere for meg? Styrketrening gjer meg sterk. Ikkje bare fysisk, men psykisk. Eg er i mi eiga verd og har det eksepsjonelt bra når eg løftar. Eg trenar bort frykt, angst, depresjon, smerte og sinne. Det er min terapi og mi redning. Og følelsen etterpå når eg føler meg uovervinnelig?! Den følelsen håper eg ALLE får oppleve. For det er DER vi fortjener å vere. Der depresjonen ikkje når oss, der angsten er for liten til å ta oss, der smerten held seg vekke ifrå! På toppen som uovervinnelig!

 

 

Klem frå Anita