VEKE 1 – KURS 1: Prosjekt Overvektig og drittlei

Vi er i gang!

Tenk at eg og 30 andre damer har no starta på ei reise til eit sunnare liv. Saman. Og for ei kraft det er i å vere eit team. Eg merka det allerede første dagen at dette kom til å bli ein suksess. Jentene i Kurs 1 spør kvarandre om råd, støttar kvarandre og deler utfordringar i gruppa. Dei heier på kvarandre, noko som er som ei magisk hjelpande hånd når dei treng det. Gruppedynamikken er sterk og desse damene kjem til å knytte endå sterkare bånd etterkvart som desse vekene går.

 

Det gjer meg så glad å sjå dette. Når eg som coach hiver meg ut i eit slikt prosjekt, og ser kor fantastisk det går med dei som er delaktige i prosjektet, det gjer meg trygg på at eg tok det riktige valget om å bli nettcoach med fokus på gruppe.

I tillegg til vår eige private univers på facebook, får dei og muligheten til å sparre med meg kvar veke på mail, der dei sender meg vekerapportar på korleis det har gått. Vi får muligheten til å snakke om meir spesifikke ting, og på eit endå djupare nivå.

Essensen i dette kurset er langt fra kun sunt kosthold. Jo, den sunne kosten og det at dei lærer seg å planlegge og forberede sunn og rein mat er superviktig. Men endå viktigare er at dei tilføyer seg nye vaner og dermed endrer eller skubber unna dei dårlege vanene som gjorde dei overvektige og drittlei i første omgang. For om desse damene faller av lasset straks kurset er ferdig er det jo veldig uheldig. Men igjen, då har dei gått gjennom 3 månadar med kursing, og kan enklare ta i bruk visse teknikkar dei har lært, som får dei raskare tilbake i riktig spor. Jentene i Kurs 1 får daglege oppgaver dei må utføre, og det krever ein del av dei. Dei må sette av tid til å gjere det, sjølv om dei allerede brukar mykje tid på foodprep og planlegging av måltider og aktivitet.

Oppgavene får dei til å tenke meir over ting, dei lærer seg å sette seg mål og tørr å drømme litt. Dei får gruble på kvifor ting er blitt som dei er blitt, og kva dei sjølve må gjere for å gjere noko med det. Kva for nokre tankar dei kan tenke når det butter imot, og kva dei bør fokusere tid og krefter på. Dei lærer seg å vere takknemlige over noko kvar einaste dag, og dermed ser meir positivt på alt rundt seg. Vi er kun i startfasen, og dei har mykje jobb foran seg. Men desse damene har tatt eit valg, og skal no bli sterke kvinner med sunne vaner og dermed og inspirere andre til å gjere det samme. Eg er så glad for at eg får vere med å bidra til at desse damene får eit sunnare og bedre liv.

Og ikkje nok med det. Når vi lærer oss sjølve sunne, gode vanar og det å vere sterke og positive i sinn, kven andre blir det då? Jo, barna våre. Vi må gå foran som gode eksempler, og vise dei kva som skal til for å bli glade og lykkelige små mennesker som vokser seg til gode, takknemlige voksne. Ord kan egentlig ikkje beskrive kor takknemlig eg føler meg når eg får vere med å bidra til at både voksne og barn får eit sunnare og meir positivt liv. Det rører meg faktisk langt inn i hjarterota. Det gir livet meining.

Jentene i Kurs 1 har som sagt mykje jobb foran seg, og vi har såvidt starta endringsreisa. Men dette blir så vanvittig bra, og eg kjenner inget annet enn glede og entusiasme for dei kommande månadane. For dei som vil følge litt med, så bruker eg og mine vakre jenter #teamanitaveberg på Instagram, der ein del bilder samlast opp. Der kan dere sjå foodprep og kva anna vi driver med.

For dei som måtte vere interessert i å vite meir om kurset og opptak til neste kurs, kan dere sjå HER.

Ønsker alle som leser dette ein lørdag full i positivitet, takknemlighet og gode tankar!

 

Klem fra Anita