Veke 14: BIKINIFITNESS og litt tankar..

I just woke up one day & decided I didn’t want to feel like this anymore. So I changed. 

Det seiast at alle har eit ØYEBLIKK, eit «moment» der ein har eit gjennombrudd. Eit slikt gjennombrudd kan skje mange gonger i løpet av eit liv, og det er ofte relatert til livssituasjonar og korleis ein har det. Eg har opplevd mange slike øyeblikk.

Seinast i juni hadde eg eit øyeblikk, eit gjennombrudd. Eg var på eit foredrag der ein mann ved namn Brian Mayne gjorde meg rørt og så takknemlig for at eg KAN hjelpe andre som treng det meir. Det satte så stort inntrykk på meg. Det gjorde til at eg virkelig djupt og inderlig ønsker å hjelpe andre. Bare ved å bli forvert og fosterheim for kattar tilhøyrande Dyrebeskyttelsen gir meg ei meining og ein purpose. Det beriker livet mitt. Eg veit at eg hjelper desse flotte kattane til å leve eit meir verdig liv, med kjærleik og kos, ein trygg heim, noko dei ikkje hadde tidlegare, og eg forbereder dei på sin varige heim som eg håper dei blir så heldige å få.

IMG_5565

Eg ønsker også å hjelpe fleire. Tips meg svært gjerne om frivillige organisasjonar. Då blir eg glad.

Ellers har eg hatt mange øyeblikk i forhold til min livsstilsreise. Kropp og mat. Helse og trening. Eg har vore så opp og ned i mange år, eg er så glad eg har funne meg sjølv slik eg ønsker å vere. Og slik eg ønsker å ha det. Eg ønsker at fleire skal oppleve å finne seg sjølv. Korleis skal vi gjere det? Eit av mine aller beste tips er å gjere ting du trur du ikkje tør. Altså gå ut av den berømte komfortsona. Og å lese bøker kan eg ikkje få sagt ofte nok kor mykje det har gjort for meg. Om du ikkje likar å lese, så kanskje webinarer og forelesninger på nett kan vere noko for deg. Tenk over verdiene dine i livet. Korleis vil du ha det?

DU MÅ MISTE DEG SJØLV FOR Å FINNE DEG SJØLV. 

Kanskje det ikkje stemmer for alle, men for meg personleg fant eg meg sjølv etter at eg hadde mista meg sjølv. Etter depresjon, overvekt, mat som fiende og som trøst. Eg er så takknemlig for at eg forstod. For at eg har vore gjennom det. For eg hadde aldri vore der eg er i dag hadde eg ikkje måtte jobba meg gjennom det.

Eg såg forresten ein 2 timars dokumentar i går. Ein mann med ein besettelse om å hjelpe andre. Følelsen å å sjå desse menneska han hjalp var både hardt og utrulig rørande. Hardt fordi dei har så sterke historier. Umenneskelige opplevelser. Tony Robbins får desse menneska til å føle seg verdt igjen. Og han hjelper dei å hjelpe andre igjen som går gjennom det samme. Så sterkt og tankevekkande. Dere bare MÅ sjå «I am not your guru» på Netflix! Den blei lansert i går.

 Vi kan hjelpe så mange der ute. Meininga med livet er å finne seg sjølv og sin gave, for å kunne hjelpe andre. Det er noko eg trur på. Virkelig. Eg har kanskje ikkje forstått det heilt før no. Dei siste par åra har vore «lifechanging» for meg. Eg er så takknemlig.


Skal vi sjå. Egentlig skulle dette vere ein update på mi bikinifitness-veke nr. 14.

Og eg skal dele med dere litt no.

Eg har denne veka gått opp 0,1 kg i vekt og 2,2 cm på kroppen. Etter ei fantastisk veke med gode økter og som alltid riktig mat, gjekk det likevel oppover. Heilt ok, fordi det er ikkje langvarig, det veit eg. No skal eg faktisk over i Fase 2 på dietten. Eg har vore i Fase 1 heilt sida start, fordi eg har hatt kjempegode resultater på den. Men no etter 2 veker på oppgang i vekt og litt i cm går eg over til Fase 2. Det vil seie bare litt mindre karbohydrater, der eg skal spise f.eks gulrot og kålrot istadenfor potet og ris. Men kun dei dagane eg ikkje trenar. Så det blir jo kun 2 dagar egentlig 😉 Det blir spennande å sjå kva dette kan gjere for meg.

Ellers kan eg ikkje seie anna enn DIETT ER LETT. Når ein bestemmer seg for at det er det! 🙂

IMG_6323 IMG_6305 IMG_6280


Igjen, tips meg gjerne om frivillige organisasjonar.

Ha ein vidunderlig lørdag. Digger dere! 🙂

Snapchat: Neeten

(PS. Neste veke tar eg over Snapchat-kontoen til TeamLaLifestyle, så følg oss bikinifitness-jentene gjerne der!)

– Helping is helping. Even when it feels like a drop in the ocean –