VEKE 2: BIKINIFITNESS

Andre veka på bikinifitness-regime og det går absolutt heilt strålande! Ingen cravings, bare mykje sunn mat! Til og med helgene går smertefritt! No har eg kun hatt ei helg på programmet, men det er ingen tegn til at denne helga skal bli noko dårlegare.

Prøvde meg på søtpotetpizza forrige helg, men havrebunnspizzaen min som eg har laga tidlegare er framleis nr.1.

IMG_3921 IMG_3922

Eg har aldri vore noko særleg flink å lage mat i forvegen og til å planlegge måltider, men no dere! Mange matboksar i kjøleskapet til einkvar tid, mange boksar som må vaskast kvar dag, og mykje foodprep. Og det er så gøy! Eg føler eg har full kontroll, og eg mister ikkje fokus når eg blir svolten, fordi eg har matboksane mine. Eg prøver å holde matlagingen til tredjekvar dag, og det fungerer heilt supert.

MEAL PREPPING IS THE NEW FAST FOOD.

 IMG_4011

IMG_4051

En flott coach har eg iallefall, det er heilt sikkert.


Kvar fredag er det måle- og vegedag.

På 2 veker har eg no gått ned 3,1 kg!

Eg mista så mykje forrige veke, at 0,6 kg ned denne veka var heilt ok. Det skal ikkje gå kjempefort, og i og med at vi spiser ganske godt med kalorier no i starten, så er det jo fantastisk at eg har både minska på cm og gått ned litt på kiloane.

Bryst: -0,1 cm

Midje: -1,0 cm

Mage: -1,4 cm

Hofte: -0,4 cm

Rumpe: -0,6 cm

Lår: -1,0 cm

Overarm: +1,0 cm

Den plussen på armen tar eg ikkje så tungt, feilmålinger er også mulig.

Eg gleder meg til reisa vidare!


DON’T EXPECT SUCCESS. PREPARE FOR IT. 

Følg meg på Instagram: ptanitaveberg

og på Snapchat: Neeten