365 nye sjansar

Dear Past, Thanks for all the lessons. Dear Future, I am ready. 

Det nye året er rett rundt hjørnet. Eit heilt nytt år med blanke ark. 365 nye dagar og 365 nye sjansar.

     img_0777

På slutten av eit år er det lurt å reflektere og oppsummere året. Sjå tilbake på kva som gjorde deg glad, kva som utfordra deg og gjorde deg sterkare, kva som var vanskelig, kva du lærte av, kva du ikkje vil gjere om igjen, og kva du vil oppleve fleire gonger. Gå gjennom kvar måned, og få ei skikkelig oppsummering av året 2016.

Eg har ein successplanner som eg har sett gjennom no. Den har eg brukt gjennom heile året. Kva vil eg huske fra året som har gått? Nedanfor her har eg absolutt ikkje fått med alt, då hadde dere nok måtte lese i evigheter, men litt høgdepunkter har eg lyst å dele med dere.

Januar: Eg var på jobbtur til Gøteborg, eit megastort event som var så lærerikt, motiverande og gøy å vere med på.

  Februar: Ut av komfortsonen når eg var på min første crossfit-time. Eg valgte og å bestille meg 50 timar hos PT, og hadde min første time med Ingvild Lien på Spenst Førde.

Mars: På jobbtur og hadde mitt første foredrag for 30 forhandlere utenfor Oslo. Sprøtt langt ut av komfortsonen. Eg holdt eit online foredrag for kollegaer seinare samme måned, eit såkalla webinar, som og var første gong.

April: Ny pers i markløft på 122,5 og i knebøy 85 kg. Denne månaden starta vi opp TeamLaLifestyle. Starten på 6 månader med bikinifitness. EM i vektløfting blei holdt i Førde, noko som var veldig morro for oss som bur her. Eg tok crossfit-nybegynnarkurs i CF-boksen i Førde, supergøy å lære nye ting.

Mai: Mykje sjukdom blant barna, og eg fekk ikkje vore med på vår første samling med TeamLaLifestyle. Feira 17.mai medan bunaden min hang heime, fordi den var åletrang, men klarte meg fint utan is og kaker og gjekk beseirande ut av den feiringa.

Juni: Min første tur over til Sverige på diett, men det gjekk fint å ikkje handle inn naturgodis til seg sjølv. Sjølv om det er noko av det beste eg veit. Dei store jordbæra med yoghurttrekk er jo bare heilt eventyrlige! Ellers i juni var eg med på spinningkurs på Spenst Førde, saman med mange av dei som jobbar der. Ganske bra ut av komfortsonen det og.

Juli: På jobbtur i Fredrikstad på helseseminar. For ein nydelig stad. Sommer, sol og lunsj ved utsikt over båtane som sklei forbi. Seinare den månaden henta vi heim 2 kattar som vi no er forvertar og fosterheim for.

August: Samling med TeamLaLifestyle. Så inspirerande, gøy, spennande og utfordrande. Eg kom heim full i motivasjon! Var i Oslo endå ein gong, på jobbtur og hadde med meg eldstejenta mi som fekk oppleve å stå på scena foran mange hundre mennesker, og fekk blomster og recognition.

September: Reiste til Hellas med jobben, ord kan ikkje beskrive den reisa. Det blei meg og min manns bryllupsreise, sidan vi ikkje hadde fått reise tidlegare.

Oktober: Var på photoshoot med TeamLaLifestyle. Mannen min og minstemann blei med på roadtrip og dagstur, det var veldig koselig og minstemann var ein fryd å ha med seg på lang biltur. NM i kroppsbygging og fitness! Kan ikkje beskrive kor stolt eg var av mine nye venner og teamjenter som strålte på den scena! Maksa i mark igjen, 132,5 kg. Eg hadde julebord for min lokale kollegagjeng her heime.

November: Mykje sjukdom igjen, heile familien. Ellers endelig ein heil månad heime med min familie, deilig å lande litt.

Desember: Start med Bikiniakademiet. Runde 2 for meg med TeamLaLifestyle. Angelica hadde danseforestilling, og eg elsker å sjå ho danse på scena. Førjulstid og julemånaden som er den finaste tida eg veit. Elsker julaften og den var like fin i år som den pleier å vere. 2.juledag fekk eg oppleve å løfte på eit julestevne i styrkeløft. Dødsgøy! Persa i alle øvelsar.

Og no er det siste dagane igjen før nyttårsaften og det nye året er foran oss.

img_0778

The best is yet to come. Og veit dere kvifor? Dess eldre vi blir, dess bedre har vi det. Fordelen med å bli eldre. Man har det bedre med seg sjølv.

No utfordrer eg dere til å gjere det samme som eg gjorde over. Gå gjennom heile ditt 2016 og bli stolt over alt du gjorde, som du akkurat no faktisk ikkje eingong klarer å komme på. Kanskje du kom på noko du hadde gløymt du har gjort, medan du las gjennom mitt år? Det gjer utrulig godt å bli påminna sine utfordringer, sine bragder og det man faktisk har turt å gjere.


Etter at man har reflektert over året som har gått, er det på tide å sette seg nye mål. Har dere allerede tenkt ut noko? Eg har mange mål, planer og store drømmer for 2017. Det skal eg komme tilbake til i neste innlegg. Og då er vi allerede inne i det nye året. For eit år det blir. Så med dette ønsker eg dere eit RIKTIG GODT NYTT ÅR!!!!

img_0775 img_0774 img_0773

PS. Livet er kort. Lev det.

Anita, LA Lifestyler