Å lage minner med sine barn

The best things in life are the people we love, the places we´ve been & the memories we´ve made along the way. 

For ei helg med gode opplevelser vi har hatt!

Siste helga i høstferien tilbragte vi på Hotell Alexandra i Loen. Eit hotell mange på Vestlandet kjenner til. Mange bademuligheter, fantastisk mat, spa og trening, show og musikk og ikkje minst er det nydelig fint.

Vi bada lenge lørdagen, til stor glede for barna, før vi spiste så mykje vi ville på middagsbuffeen. Der er det så mykje godt at det er umulig å spise alt man har lyst på, og barna får velge seg så mange is dei bare vil. Stappmette og fornøgde gjekk vi vidare ned til klubben, eller diskoteket, der det var show for barna. Og flaks som han har, blei Chris valgt ut til å delta på ein liten tullekonkurranse foran publikum. Det var stor stas for barna, spesielt hans egne, som klappa og heia, og Chris stakk til slutt av med ein gratis cd med innspilte songar fra artisten som holdt showet. Kan tru vi hadde musikk på bilturen heim igjen dagen etter! Det finaste eg tenker om dette er kor kjekt det var for barna, og kvar gong vi høyrer på den cd-en, eller tenker tilbake på den helga, vil barna huske at pappaen, og bonuspappa, var oppe og stjal showet 😉

Dagen etter hadde vi ein deilig frokost, før barna fekk bade endå litt til. Etter vi hadde sjekka ut frå rommet køyrde vi bare nokre få meter, så var vi ved den nye attraksjonen Loen Skylift. Dette er ei gondolbane som blei åpna i mai 2017 av Dronning Sonja. Anlegget kosta 300 millioner kroner og er ein av dei brattaste gondolbanene i verda. Bana stiger nesten 60 grader – som kan samanliknast med å ta ein heis 1000 meter rett opp! Det gjør gondolbana til ein av verdas brattaste i sitt slag.

 

Fra nesten sjønivå ved fjorden til heilt opp på fjelltoppen 1011 m.o.h skulle vi. Vi var skeptiske før turen opp, men det var bare gøy. Vel oppe kikka vi rundt, tok bilder, og mange spiste lunsj i restauranten. Det var ei nydelig utsikt på toppen, men det var rimelig vindfullt og kaldt denne dagen. Å ta bana ned igjen var endå kjekkare, sidan det var endå litt skumlare, då vi heilt oppe såg rett ned i fritt fall på 170 meter!

På vei heim igjen snakka vi om kva som var det kjekkaste ved turen. Mellomstemann meinte det var godteriet. Små gleder. Ikkje vanskelig å tilfredstille han karen der. For meg som mor og kone var det kjekkaste, eller finaste kanskje, å skape så gode minner med familien at vi kan sjå tilbake på det og smile og le. At vi opplevde noko saman. At vi bada, lo og leika saman. At pappaen måtte opp og tabbe seg litt ut på alles bekostning, som innprenta gode minner og glede i barna. At vi var saman og hadde det så fint. Eg er så takknemlig for dei fine minnene som blei skapt i helga. Det er ikkje mange dagane man treng heller, for å skape uforgløymelige augeblikk.

 

Klem fra Anita