Eg har funne ut KVIFOR eg vil ned i vekt

La familia.

Det å finne ut KVIFOR er truleg det viktigaste for å klare ein vektnedgang.

Om du har bare ein vag ide om kvifor du vil ned i vekt, eller du gjer det kun for utsjånaden, så vil du truleg raskt miste motivasjonen, og feile endå ein gong.

For det er jo det vi mange har gjort. Vi har feila. Gong på gong. Og vi trur vi skal stole på motivasjonen, når den ikkje kan stolast på.

The question isn´t how to stay motivated, its how to train yourself to work without it.

Eg MÅTTE til slutt ned i vekt

For helsa, meg sjølv og for LIVET.

Eg klarte å spise meg sjuk.

Dei som har fulgt meg lenge på Instagram veit at då eg var 105 kg fekk eg påvist fettlever. Det var lite, men det var der. Eg hadde spist meg sjølv til sjukdom.

Deretter tok eg tak. Trente meir, gjorde meir cardio, auka grønsaksinntaket, drakk meir vatn og fokuserte på kvalitetssøvn.

15 kg lettare sjekka eg via diagnostikk korleis det såg ut inni kroppen min, og eg hadde blodårer som ein 20-åring kunne dr.Austad fortelle meg! Altså, det kjem eg aldri til å gløyme at han sa. Eg var så stolt!

Eg endra livsstilen, fordi eg fekk eit slag i trynet. Og det er ofte slik slag vi må få, for å virkelig gidde å endre på noko, for vi har det så altfor komfortabelt i den samme tralten vi lenge har hatt.

Kva var ditt slag i trynet, som gjorde at du endelig tok tak i livsstilen?

Eller treng du eit slag i trynet, som gjer at du endelig forstår kva du gjer med deg sjølv?

Barna mine er ein god grunn til å gå ned i vekt

No har eg stort fokus på det å akseptere kroppen vår, og bli glad i den vi er, slik vi er. Men det er og slik at eg tar ikkje vare på kroppen min om eg er veldig overvektig. Då blir eg sjuk, trist og lat.

Når du spiser mest næringsfattig og er inaktiv blir du endå latare, endå tristare og endå sjukare, og du spiser desto meir, og blir meir og meir usosial og inaktiv. Det er ein ond sirkel.

Så den sirkelen er til for å brytast! Eg skal iallefall ikkje vere den mora som sjølv har valgt å vere sjuk, trist og lat. Skal du?

mor og datter trener crossfit styrketrening
Jenta mi som lærer seg crossfit

PS. Det er så klart noko anna å vere kronisk sjuk. Men når vi VELGER å vere sjuke, fordi vi ikkje orker å spise sunnare eller vere litt i bevegelse, då må ein enten ta seg kraftig i nakkeskinnet eller snakke med legen sin.

BE PREPARED EACH DAY TO CONFRONT YOUR OWN SELF-SABOTAGE.

DU må ta valget

Ta eit valg for å gå ned i vekt for HELSA eller for BARNA dine, det som kanskje betyr mest for deg i heile verden. Om du vil ned i vekt fordi du vil sjå litt strammare ut, eller ha færre valker, når du egentlig har det ok slik du har det ellers i livet, så vil du ikkje klare å holde ut. Kanskje du går ned nokre kilo, men du vil og sannsynlegvis legge på deg igjen når motivasjonen faller.

Finn ditt kvifor til kvifor du vil ned i vekt, det har eg gjort. Det tar laaaang tid, og det går i bølgedaler, men det har gått bra, og eg fortsetter ferden mot ein endå friskare, sterkare og sprekare kropp! 🙂

Klem fra Anita