Å trene for prestasjon

The hardest lift of all is lifting your butt off the couch.

For nokon er det slik, for andre er det jo ikkje det. Eg har og vore der, og nokre dagar vil eg jo ikkje anna enn å ligge på sofaen. Joda, det ER viktig med kvile og restitusjon, men ikkje når ein gjer det kvar dag 24/7, og kun løftar på rumpa når ein skal finne noko i kjøleskapet, til bilen for sitte litt meir på veg til butikken og så heim igjen med mykje digg i posane, eller for å flytte seg frå sofaen til senga, og innom badet ein tur.

I dag, 2.juledag, har eg oppholdt meg på treningssenteret, der eg fekk vere med på julestevne i styrkeløft. Eg har aldri deltatt på noko sånt før, men eg har i det siste blitt meir og meir glad i løfte tungt, slå mine eigne rekordar og jobbe mot nye prestasjonar. Vi var ikkje så mange som løfta, men det var likevel stor bredde i styrke og kilo på stanga. Vi hadde og publikum som heia på oss. For meg var dette utrulig inspirerande og noko eg absolutt skal vere med på igjen.

img_0718

Eg slo alle mine tidlegare rekordar, og klarte 107 kg i knebøy (men eg hadde ganske mykje å gå på der, så det blir kjekt å jobbe med bøy det kommande året), 57 kg i benkpress og 140 kg på markløft. No skal det settast nye mål. 140 kg i markløft var eit mål eg hadde bestemt meg for, så eg er veldig glad for at eg klarte det. Benkpressen skal eg virkelig forbedre gjennom året som kjem, for der føler eg at eg har eit stort forbedringspotensiale. I knebøy og. Eg er så heldig å ha Ingvild Lien som fekk 3.plass i Styrkeløft-NM no i haust som min PT, og sjølv om eg skal vere på bikinifitness-diett i det meste av 2017, klarer nok ho å få meg enda litt sterkare. Verdensmestaren Silvia Kapstad er og fra Førde, og var og oppmuntrande heiagjeng på Spenst Førde i dag, så eg har mange sterke damer rundt meg. Motivasjon på høgt nivå.

img_0730

Det å jobbe for prestasjon er smart. Det å tenke at «eg skal klare 150 kg i markløft i 2017» istadenfor «eg skal gå ned 20 kg i 2017». Du kjem deg kanskje enklare på trening for å klare å løfte tyngre og for å bli sterkare enn om du skal gå ned i vekt når talla på baderomsvekta ikkje rikker seg. Eg kan ikkje benekte på at eg og tenker på at eg vil gå ned så og så mykje, det er eg ikkje sein med å innrømme, men eg har så mange prestasjonsmål i tillegg som motiverer meg! Eg ønsker å stille i bikinifitness. Det er eit prestasjonsretta mål. Eg ønsker å gjere det kjempebra på neste julestevne. Det er og prestasjonsretta. Å trene for prestasjon er meir beregnande, og dermed klokare i forhold til at ein kan klare å nå dei måla vi setter oss.

img_0734

Kva er dine mål for 2017? Har du maksa i det siste slik at du veit kva du kan strekke deg mot? PS. Husk alltid at teknikken er viktigast, og få hjelp av dei som kan dette om du vil prøve deg på styrketrening og styrkeløft. Tenk over kva du ønsker å bli god på. Kva kan du lære deg? Kva har du lyst å mestre? Gjer du noko som vil få deg dit? Føler du at du gjer det du kan for å komme deg framover? Progresjon gjer deg lykkeligare. Heilt sant.

img_0735

Eg håpar dere kosar dere i jula, men trenar litt likevel, slapper av og ladar opp til det nye året. For det nye året bringer nye sjansar. Nye muligheter. Nye rekordar. Vi skal alltid strekke oss LITT lenger.

LA lifestyler Anita