Alt eg ville var å endre kroppen min.

 

Dette er eit av mange bilder eg har tatt av kroppen min.

Kvar månad tok eg bilder for å sjekke endringer på kroppen. Fra sida, sett foran, sett bakfra. Kor hadde eg minska på cm, hadde appelsinhuda minka, hadde valken blitt mindre, såg eg bedre ut? ⁣

Dette her er bilder eg aldri hadde tenkt å dele med andre. Aldri i livet. Eg følte avsky og trudde andre hadde tenkt akkurat det samme. Kun coachen min fekk sjå desse bilda. Det var skamfullt både å ta bilda, sjå på dei sjølv og sende dei til coachen min. Eg har sjølv hatt kurs og coachingkunder der eg ber om kroppsbilder, for å vurdere kroppane deira månad etter månad. ⁣

Og når vi hadde ei stor endring, og kunne legge ut før og etter-bilder var det jo fantastisk bra jobba, trudde vi. MEN! Og dette er eit stort men. Når vi legg ut før og etter-bilder, forsterker vi ikkje til oss sjølve og til alle andre at den før-kroppen ikkje er bra nok? Den før-kroppen var vi flaue over, vi følte oss stygge, fulle i feil og skavanker som ikkje burde vere der. Når alt vi ville var å føle oss gode nok, vakre nok og akseptert i samfunnet.. ⁣

Å gå ned mange kilo kan bedre helsa. Og det er bra. Men om vi ikkje greier å føle oss gode nok i den kroppen vi har NO, korleis kan vi vere gode forbilder for våre barn og dei andre rundt oss? Korleis kan vi vise andre at DEI er bra nok UANSETT korleis dei ser ut?? Ikkje ved å dele før og etter-bilder iallefall. ⁣

Eit før og etter-bilde kan skape motivasjon til å gjere ei endring. Men kvifor vil du egentlig gjere den endringa? Den fysiske endringa som kun går på å endre utsjånaden og kroppen din? Mitt største ønske for deg er at du skal forstå at du er like mykje verdt i den kroppen du er i no. Du treng ikkje endre skallet ditt. Om du er overvektig, deprimert, har sosial angst og er skamfull er det tankane dine som har fått deg dit. Ikkje kroppen din og skallet ditt. Kva trur du at det viktigaste du endrer på vil vere då? Tankesett? Mental trening? Vanedanning? Riktig. 

 

 Om du hadde skjønt kor mektig tankane dine er, hadde du aldri tenkt ein negativ tanke igjen. ⁣

Du treng ikkje ha ein perfekt kropp, eit perfekt bilde eller ein perfekt bakgrunn for å få fram eit budskap. Men å vise til alle og akseptere sjølv det ingen klapper for kan vere skremmande. Men smerten ved å grave oss ned og gjøyme oss er meir ødeleggande enn smerten ved å la andre sjå våre arr og våre utfordringer! 

 

Kroppane våre endrer seg gjennom heile livet. Å hate kroppen vår kvar dag og kvart minutt er eit problem! Cellulitter er ikkje eit problem! Rynker er ikkje problem! Ein valk er ikkje er eit problem! Kroppen din, vekta di og utsjånaden din har ingenting å gjere med verdien av deg! 

 

Dess meir vi klarer å endre det «perfekte» kroppsbildet, dess enklare blir det for alle å gå rundt i kroppane sine.

Du skal IKKJE føle skam for den du er! Det utenpå definerer deg ikkje. Du er meir enn kroppen din! 

 

 

Takk for at du les!

 

Klem fra Anita