Big hair. Big dreams.
Your hair is 90% of your selfie.
Skal man ta selfies, bør manken vere på stell. Men fra spøk til revolver. Som min mann pleier å seie. Eg ser så fram deilige behandlingar og sterkt, sunt hår i 2017. Eg er så heldig at eg framover får komme til den utrulig koselige frisørsalongen på Jølstraholmen, og få håret i orden med hjelp av gode, søte Melinda Tefre. Floke Jølster er ein grøn, økologisk salong som gir miljøvennlige og reine produkt og behandlingar. Produkta Melinda har i salongen sin er heilt naturlege og ikkje allergiframkallande. Eg er stolt av å kalle Floke Jølster min frisør, min samarbeidspartnar og sponsor framover!
Følg Melinda og Floke Jølster på Facebook HER
Eg har allerede vore hos Melinda denne veka og fekk klippa av meg mine slitte tuppar. Eg fekk og ein kjempedeilig Arganoljekur m/massasje. Og kva er det med hodet og massasje? Det er så fortryllande deilig å bli massert i hodebunnen! Heldige meg som har ein frisør med magiske hender OG ein mann som liker å stryke i håret mitt kvar kveld. Og no kan han endelig slippe å måtte dra fingrane gjennom floker og splitta hårtupper. Det sørger Melinda for. Jepp, eg har det som plommen i egget.
På Instagram finn du Floke Jølster HER
Kan dere tru det er desember og snart jul? Det er jo grønt ute. Til og med langt oppe i dalen hos oss.
Vel, eg har trua. Snøen kjem nok til jul 🙂
I januar skal eg gradvis tilbake til min naturlege hårfarge med innspill av lyse toner. Eg har hatt ein lei tendens til å bli for mørk når eg fargar håret heime, og det sliter jo enormt på håret. Eg gledar meg til nærande og styrkande behandlingar og lysare brunt hår etterkvart. Og så klart til koselege samtalar hos Melinda, med rolig bakgrunnsmusikk og lun stemning. Og når vi snakkar om lun stemning. No har ho både juletre, julemusikk og lussekattar i salongen sin. Verdt å stikke innom for.
DETOX-te har ho og! Den måtte eg ha! Den passar fint å drikke varm og god kvar dag no mot jula. Eg gleder meg til julemiddag!
Kun 10 dager til jul. YES.
Følg meg på Instagram ptanitaveberg om du vil 🙂
Snapchat: Neeten