Butikkangst

Kroppen rister, hendene skjelver og varmen brer seg over meg..

 

Slik er det når eg er på butikken. Nokre dagar er dog bedre enn andre, men i dag var det forferdelig. Eg og eine sønnen min var på butikken for å handle inn litt lørdagsgodis og mat til veka som kjem. Dette gjer eg stort sett på laurdagar, men ofte reiser eg heim med bare halvparten av det som står på handlelista. I dag var intet unntak.

 

Eg grua meg allerede før vi reiste. Kva jakke kunne eg ha på meg som skjulte mest i dag? Utan å få svettetokt sidan det har vore så mildt i været denne vårlaurdagen? Eg valgte ei lang regnjakke. Vi køyrde ned til sentrum.

 

Eg kjenner det straks eg er på veg ut av bilen og går mot butikkdøra. Endå verre er det når vi er komt innafor. I starten går det nokolunde greit. Eg fokuserer på å få med meg det eg skal, som eg har på notater på mobilen. Då sletter eg matvarene etterkvart, så lista blir kortare og kortare. Men så begynner det å vri seg i magen, eg kjenner varme som sprer seg, og eg begynner å skjelve. Eg ser på lista og bestemmer meg for å bare hente nokre siste viktige ting, så vi i alle fall har det vi treng til resten av laurdagen.

 

På veg mot kassa har eg bare lyst å gå rett til betaling, men i dag var det lang kø. Eg blir endå varmare, eg håper køa skal minke fort. Eg snakkar med guten min, og prøver å konsentrere meg mest om han. Når det blir vår tur legg eg varene opp på rullebandet, medan hendene skjelver. Eg betalar, og går bak for å pakke opp i posane.

 

Ingen kan ane kva som skjer innvendig. Det rister i magen, ja heile kroppen. Eg er klam og føler meg svimmel. Hendene skjelver, og eg hiver varene opp i posane så fort eg bare klarer, utan å virke febrilsk. No må eg komme meg ut! Det hjelper å komme seg bort frå kasseområdet, men det roer seg ikkje før eg har klart å komme meg til bilen, fått posane inni, og kan sette meg inn og slenge igjen døra. Og då er eg så takknemlig for at eg er ferdig.. Eg vant i dag og, eg klarte det.

 

Møter du meg på butikken er eg som alltid den blide, hyggelige Anita. Men innvendig vil eg bare bli ferdig med butikkstyret i ein forrykande fart, helst ville eg latt vere å handle i det heile tatt.

 

Det er ein heilt anna følelse når eg har heile familien med meg, sjølv om eg ikkje likar å handle då heller. Men det går.. Aleine er det aller verst. I dag trudde eg det skulle hjelpe at mellomstemann var med, men det gjekk ikkje så bra. Kanskje neste gong blir det bedre..

 

Det har ikkje alltid vore sånn. Eg har jobba i matbutikk i tenåra og likte det veldig godt! Men angsten har komt dei siste åra, og verst er det når eg ikkje er fornøgd med den eg er. Eg prøver jo å bli glad i meg sjølv, til tross for kiloane som tynger meg ned. Men noko seier meg at noko må gjerast. Uansett kor glad eg ønsker å bli i den eg er nett no. For angst, lite energi og dårleg helse er IKKJE noko eg ønsker å dra rundt på. Og ja, eg veit at det går an å vere ved god helse til tross for ekstra kilo, men akkurat no har eg nådd bristepunktet. Noko må gjerast.

 

Men no skal eg bare nyte laurdagskvelden med mine 2 minste. I morgen må eg planlegge. Nok er nok.

 

Takk for at du les.

 

Klem frå Anita