Eg ELSKER å vere ein entreprenør!

Sidan så mykje av livet vårt dreier seg om jobben vår og korleis overleve økonomisk, er det mange som tenker at «det bare MÅ finnast ein bedre måte«. Det gjorde eg også. Før eg blei ein del av selskapet eg jobber i no, husker eg at eg googla mykje rundt. «Hvordan jobbe hjemmefra», «hvordan tjene penger hjemmefra», «hjemmekontor», «tjen penger online» og så vidare. Det er nesten litt komisk, for eg kom ikkje på dette før for nokre få dagar sidan, at eg satt og googla for 2-3 år sidan. Takknemligheten er difor stor for at eg fant løysinga eg leita etter. Eller, den kom til meg, då eg fekk ei melding. Og tenk at kun ei melding på facebook kan endre eit liv. Det er eg eit levande bevis på.

 IMG_7359

Dette er ikkje for alle, og det er ikkje perfekt. MEN det er bedre.

For meg er det dog perfekt. Eg har aldri jobba slik før og det er noko eg aldri kunne tørre å drømme om heller. Før det blei ein realitet. Eg har aldri jobba der eg sjølv hadde ansvar for å lære og utvikle meg slik. Og eg visste fra dag 1 at dette var min sjanse, og eg har gjort og framleis gjer alt eg kan for å bli bedre på det eg gjer.

  IMG_7339

Ein arbeidsdag for meg er ikkje ein typisk arbeidsdag der ein må ut av huset tidleg, jobbe i mange timar på eit kontor, butikk eller kva det måtte vere, og så heim igjen seint, for så å vere så sliten på ettermiddagen at middag og leik med barna blir eit ork. Og når barna er i seng er det einaste ein vil å ligge strak i sofaen og gløyme seg bort i tven, eller kanskje bare sove. Eg er min eigen sjef, og styrer klokka, arbeidstimane og tida sjølv.

Dette er ein jobb som alle andre jobber, og man må legge mykje tid i den for å få businessen opp og gå, og halde seg oppe, men når jobben blir ein lidenskap og noko ein virkelig bryr seg om, følast det ikkje som jobb. Eg har det så utrulig gøy på min jobb. Jobben min gir meg så mykje.

IMG_7341

Før eg starta opp visste eg ikkje noko om denne moderne arbeidsmetoden, og eg visste ikkje om nokon som hadde lukkast i det. Men ville det ikkje vere ein tragedie om eg ikkje tok ein sjanse og kunne jobbe meg mot alt eg nokon gong hadde ønska meg, bare fordi eg ikkje hadde sett nokon andre gjere det? No derimot veit eg mange som har lukkast. Med å lukkast meiner eg at dei lever drømmelivet. Målet mitt er å leve livet akkurat slik EG vil ha det. På mine premisser. Friheten til å egne valg. Mitt mål er å bli «filthy rich.» Rik på eventyr og opplevelser, i helse, i kunnskap og erfaringer, i latter og glede, i familien og venner, og i kjærleik. Eg har begynt å drømme om å gjere ein forskjell i andres liv. Eg har begynt å drømme annleis etter at eg blei ein entreprenør. Eg drømmer ikkje kun for meg sjølv lenger. Eg jobber for ei sak større enn meg sjølv.

IMG_7340

Ein entreprenør er ikkje ein som kun eiger sin eigen bedrift, ein entreprenør er ein som får ting til å skje. Det er ikkje kun om å ha ideer og starte noko nytt, ein entreprenør må elske det som skal gjørast, vere stolt over det og kunne sjå seg sjølv langt fram i framtida. Visjon og drømmer er livsnødvendig for å lukkast. Action og mål også. Ein entreprenør er villig til å jobbe 80 timar i veka for å unngå å jobbe 40 timars veke. Visjonen om frihet gjer at ein kan og bør jobbe mykje dei første åra. Men det er ingen sak når ein elskar det ein gjer. Når jobben blir eins andre baby.

IMG_7337

Så, kva gjer eg ein vanleg dag «på jobb» då?

Det kan eg dele med dere.

Eg har blitt avhengig av å utvikle meg. Og eg går stadig ut av komfortsonene mine for å vekse og utvikle meg meir. Eg leser bøker kvar dag, og dette er bøker om selskapet, om personleg utvikling, om korleis bli den beste versjonen av seg sjølv og personlig power, om network marketing, om korleis jobbe, korleis bli proff og så vidare. Så litt av arbeidsdagen min går faktisk ut på å lese. Men det hjelper ikkje lese om eg ikkje gjer noko med det! Så eg bruker det eg leser. Både til personlig bruk for meg sjølv, for å motivere andre, både via blogg og teamtreninger. Eg streker ut, skriver ned, tenker og omformulerer, og bruker det til eige bruk. Eg har lært at dess meir eg lærer, dess meir eg tjener. Så eg kjem aldri til å slutte å lese, for no er eg blitt avhengig av det. Avhengig av å utvikle meg til ein enda bedre meg. Og det gjorde eg aldri det, før eg blei ein entreprenør og grunder. Og det å lese kan eg jo gjere når som helst.

IMG_7350

Ein del av dagen min går ut på prate med mine kollegaer. Eg kan ta meg ein tur på cafe for å treffe ein kollega eller nokon som vil vite meir og om det kan vere noko for dei. Eg brukar tid på å dele tips og inspirasjon med kollegaene mine på våre private onlinegrupper. Eg forbereder og planlegger til ulike kveldar der eg inviterer nye og gamle kunder. Eg brukar mykje tid på å sjå videoar som gir meg motivasjon, tips, glede og endå meir tryggleik i det å vere entreprenør og jobbe utenfor den vanlege A4-jobben.

Ved sidan av dette kan eg jo trene, vere med familien, rydde i huset og gjere akkurat som eg ønsker når eg ønsker det. Det kaller eg frihet og glede i kvardagen. Eg er så takknemlig for at eg kan gjere dette.

IMG_7332

Vi har ikkje råd endå til å pusse opp huset alt på ein gang, kjøpe ny bil og reise verda rundt med barna. Men eg veit at det blir. Eg ser at det kjem til å skje. Og mens eg vaknar kvar dag med det i sikte, følast det utrulig deilig at eg kan jobbe heimefra mot mine drømmer. Vil eg ha ein dag med business casual og null makeup, så gjer eg det. Vil eg ha ein spadag med mine deilige produkter, så gjer eg det. Vil eg ha ein supereffektiv dag, frisker eg meg opp etter trening og dusj, og setter meg godt til rette og jobber i mange timar i strekk, med fokus på alt eg skal oppnå.

 Eg har eit stort ønske om å reise verda rundt. Og eg vil at barna mine skal oppleve verda. Og det klarer eg ikkje uten å vere ein entreprenør som lukkast. Og barna mine er noko som gjer til at eg veit at eg aldri, aldri kjem til å gi opp.

IMG_7343 IMG_7344

Eg lever drømmen min, og eg elsker det eg gjer. Eg er ein entreprenør.