Eit tabu emne.

Noko som er flaut. Noko dei fleste ikkje snakkar om.

Eg snakkar om tissing. Urinlekkasje. Urininkontinens.

Ca.25-30% av norske kvinner har slike plager i større eller mindre grad.

Eg personleg har blitt meir plaga med det etter at eg har fødd mine 3 barn, og det skjer oftast når eg trener styrketrening og løftar tungt.

Det skjer og når eg hoppar på trampolina med barna (noko eg ikkje gjer lenger akkurat pga dette), og når eg hoppar tau.

Eg har snakka med legen om dette, og eg blei henvist til sjukehuset. Derfra har eg fått eit skjema eg skal fylle ut gjennom ein heil dag, der eg må gjere alt som trigger lekkasje.

Dette skjemaet blei gjennomført på søndag. Etter å ha venta på riktig dag i sikkert 2 månadar.

På søndag stod eg tidleg opp for å reise på trening. Etter litt oppvarming på spinningsykkelen utførte eg tunge knebøy, box jumps og markløft med mange repetisjoner for å få skikkelig trykk og for å tvinge fram lekkasje. Ikkje noko kjekt, men det måtte gjerast..

Heime igjen hoppa eg tau, noko som også trigger problemet.

Deretter var eg med dei 2 minste på trampolina. Til deira store overraskelse. Om dei hadde visst kva eg egentlig dreiv med, er det jo ikkje sikkert dei hadde blitt med. Men vi hoppa og lo, og dei storkosa seg når ENDELIG mamma var med på trampolina. For DET er ikkje ofte. Eg håper eg får gjort det meir seinare, før barna er for store, når eg har fått hjelp.

I tillegg til å gjere triggerøkt på trening og må utføre aktiviteter heime, må eg ha full kontroll på alt eg drikk, kva eg gjer, og kor mykje eg tisser. Alt dette skrivast ned i skjemaet.

Det var ein travel dag, men om eg får hjelp/inngrep var det verdt det.❤️

drikkepause-styrkeløft

Urininkontinens har ikkje noko med at ein er slapp i skjeden. Tissinga er ein konsekvens av at livmora klemmer på urinblæra. Det vil eg at du som og er plaga med dette skal vite.

Eg vil at du og skal vite at du er heilt normal, og at du ikkje er aleine om det.

Om eg får den hjelpa eg treng, kan eg bli endå sterkare og løfte endå tyngre, og bli den atleten eg ønsker.

Om eg får den hjelpa eg treng, kan eg hoppe og leike meir med barna mine.

Om eg får den hjelpa eg treng, kan eg nyse utan å vere redd for å skvette.

Spør om hjelp hos legen din. Det tørr du. Eg tørte det endelig.

For tissing treng ikkje vere tabu. Vi er mange om det, og det er heilt normalt.

 

 

Takk for titten.

 

Klem fra Anita