Enkle quesadillas på menyen

Skal det vere nokre ENKLE og sunne lompequesadillas?

For det må vere enkelt faktisk! Skal eg fortsetje å halde meg og min familie på den sunne matvareveg, så må det vere (stort sett) enkelt å lage mat til dei. For eg likar egentlig ikkje å lage mat! Du skulle gjerne ikkje tru det, om du tok deg ein tur innom min IG-konto! MEN eg synast egentlig det er sånn passe kjedeleg, og så tar det litt for mykje tid som eg helst vil bruke på mykje anna. Men med god musikk eller ein flink forfattar på øyret, så får eg jo likevel brukt tida godt, og det går jo enklare med litt underhaldning. Og med eit ryddig, koseleg kjøkken, kanskje eit tent lys og lun stemning, så gjer ein det jo så koseleg at det går an å bruke det som rimelig godt investert egentid. Men eg elskar jo å SERVERE familien digg mat då, som helst er bra for dei og, så då må eg jo då! Altså LAGE maten også… 😉

Men nettopp fordi eg ikkje er så ekstremt lidenskapelig opptatt av å lage mat, så prøver eg å finne enkle og helst raske rettar å diske opp med. Quesadillas er ein vinnar her. Sjølv om det så klart finnast enklare rettar og. For eksempel lompe med ost inn i mikroen rett og slett. Men misforstå meg rett her; Iblant ER det kjekt å servere deilig mat som eg har brukt mykje tid og omtanke på. Slik som kakene eg og min mann lagar saman, noko som er riktig koseleg! Bare sjå HER og HER.

Men igjen, sunn mat ER jo omtanke! 🙂 Så då er det lov at det er rimelig enkelt stort sett, ikkje sant?

LOMPEQUESADILLAS

Om det kan friste med lompequesadillas ein dag, så får du framgangsmåten her:

Steik opp karbonadedeig, eller det kjøttet du ønsker å ha i. Legg lomper utover bakepapir på steikeplate. Fordel litt ketchup på eine halvdelen av lompene.

 Fyll på med kjøtt, ost og eventuelt andre grønsaker eller godsaker du har gjort klart.

Brett andre halvdelen over fyllet og krydre gjerne med litt havsalt og grillkrydder. Om det er komt hol i lompene kan du også dekke over desse med ost.

Steikast midt i ovnen på 200 grader i ca.10 min.

VOILA! Serverast gjerne med salat og grønsaker. Og endå eit tips, om du ikkje er så glad i all den salaten eller kjedelige grønsaker: Spis mesteparten av det før du spiser den andre maten. Det greier du! Litt av det iallefall. Då kan du spare det beste til slutt, og du blir ikkje så fort svolten igjen seinare, fordi grønsakene mettar gjerne meir enn du trur. Fiber og alt det der veit du!

Eg har aldri sjølv vore så glad i salat, men når det blir ENKLE grønsaker som agurk og søtpaprika, og spinat og andre ting frå pose, så går det jo greit då. Og om ein lagar salater med meir innhald, for eksempel kylling, fetaost, nøtter og ein god dressing, då begynner vi å snakke altså! Mmmmmm…

Men dere! God helg då! Kos dere mykje med dei dere er glade i! Nyt!

 

Klem frå Anita