Fitnesspizza!
Pizza på ein tirsdag. Fordi det er lov. Og fordi det var ikkje noko anna å finne på til min familie. Trur eg må på handel i morgen.
Men iallefall, her er oppskrift på den populære, sunne fitnesspizzaen. Eg har delt oppskrift tidlegare og, men alltid gøy med repetisjon vel 😉
Dette treng du:
150 g havremel
100 g havregryn
1 ts bakepulver
1 egg
2 eggekviter
Litt vatn
Alt rørast godt saman, så det blir ei tjukk, flytande masse. Dette smørast utover bakepapir og forsteikast midt i forvarma ovn på 200 grader i 15 minutt. Deretter avkjølast bunnen. Fyllet kan man lage akkurat som man vil, bruk det du liker, vi pleier å bruke karbonadedeig og løk med mykje krydder. Når fyllet er stekt, pleier eg å avkjøle det litt før eg fordeler det over den nedkjølte havrebunnen. Når ost og alt anna digg er komt på, spesielt godt er det med spekeskinke oppå osten(!), steikast pizzaen på nytt midt i ovnen på 200 grader i 15 minutt.
Denne pizzaen er supergod, og om bunnen ikkje blir sprø nok første gang, så er det øvelse som gjør mester 🙂
Snapchat: Neeten
Klem fra Anita
Ann Helen
29/08/2017 @ 20:46
Tåler ikkje gluten, har du noko erfaring med å skifte ut havremel med noko glutenfritt mjøl?
Anita Veberg
31/08/2017 @ 09:07
Det har eg ikkje prøvd tidlegare, så nei, har ingen erfaring med det, men det kan da ikkje vere noko i veien for å bruke glutenfritt? Om du prøver, og det blir suksess, må du gjerne seie ifra om det! 😉
Silje
30/08/2017 @ 18:03
Hei! Hva mener du med eggekviter? å Hvilke krydder bruker du i kjøttdeigen? 🙂
Anita Veberg
31/08/2017 @ 09:04
Hei! Eg meiner då 2 egg, bare uten plomma. Altså 2 egg (ekviter) uten plomme 🙂 Av krydder bruker vi det vi har: Enten tacokrydder, pizzafyll-krydder fra Toro eller bare masse miks av det vi har i skapet. Blir godt uansett 😀