Floke-fine folk!

Eg og gutane har blitt meget fine på Floke denne veka!

Nyklipt, nyfarga og nymassert! Om eg kunne booka Melinda til hodebunnsmassasje kvar dag hadde eg gjort det! Magiske frisørfingrar på Jølster skal eg fortelle dere! Hodebunnsmassasje må dere unne dere neste gong dere er hos frisøren! Og vil dere ha det beste av det beste, book det hos Melinda på Floke Jølster!

 

Sjå den fantastisk fine ombreen eg har med lekre lokker! Er det ikkje rålekkert?!? Eg er så fornøgd!!

Og sjekk servicen då! Mmm, den shotten kjenner eg smaken av endå, den er så vanvittig god!

****

Eg fekk med meg heim nokre superfine flasker som ser ut som smoothies! Men det er det ikkje. Det er ein heilt ny, profesjonell hårpleieserie basert på ingredienser fra naturen. Desse er eg så heldig å få prøve:

 

Biolage RAW Uplift – for fint og tynt hår.

Eg har langt fra tynt hår, men eg er veldig glad i volum og fylde, derfor fekk eg teste denne sjampoen. Uplift er svaret for hår som treng meir volum og fylde utan å tynge det ned, som er akkurat det eg treng! Sjampoen rensar livlause hårtypar og tilfører vektlaust volum! Midt i blinken. Med grapefrukt som har gode renseegenskapar og hjelper med å fjerne olje fra hodebunnen og svart sesam som inneheld vitamin A, B2, E, lecithin og antioksidantar, som hjelper til med fuktighet til røttene for eit sunt og mjukt hår.

Biolage RAW Nourish – for normalt, tørt og glanslaust hår.

Som balsam fekk eg prøve RAW Nourish Conditioner. Denne gir intensiv pleie og fuktighet, og sidan eg plagast med tørr hodebunn, spesielt i denne sesongen kan kokosnøttoljen i denne hjelpe håret mitt. Kokosnøttolje held på fuktighet og hjelper til å beskytte mot knekte hårstrå. RAW Nourish Conditioner inneheld og kaolinleire som aukar hårets styrke og elastisitet. Og den lukta bare heilt himmelsk! Straks eg åpna opp lokket kom den deilige kokosduften, den er så deilig!

Biolage RAW Replenish Oil – Mist

Denne oljen lukter skikkelig deilig, passar for alle hårtypar og er supermat for håret! Oljen inneheld rein olivenolje som bidrar til å gjere håret sterkare, sunnare og meir glansfullt. Andre reine oljer den inneheld er rein solsikkeolje som hjelper til med å beskytte mot UV-stråler, og rein agurkurtolje som er fuktighetsgivande og har anti-flamatoriske egenskapar for eit hår med sunn glød. Av essensielle oljer inneheld den solroseolje, sitronmelisseolje og fennikelolje, noko som bidrar til deilig duft. Og ja, den lukter skikkelig godt!

Replenish oil-mist har mange bruksområder:

– Før vask som ein pre-sjampo-behandling

– Blow dry-hjelp

– Nattbehandling

– Utglattande

– Kan og brukast på kroppen

RAW-serien er som sagt heilt ny og er no på plass i alle Floke-salongar. Les meir om Floke Grønn Frisør HER.

*****

Nokre dagar før eg sat i stolen på Floke Jølster var det gutane som måtte til pers. Over ser dere før-bildet. Det var på høg tid. Eg elskar den sveisen der dei har kortare på sidene og litt lengde på toppen, så det fekk dei. Gutane ønska seg farge i håret og, og fekk oransje farge for ein dag. Det var skikkelig stas!

Sjå så fine dei vart!

Arian meinte dei likna på Marcus og Martinus. Og i bilen på veg heimover høyrde vi så klart på Slalom.

Takk til flinke Floke Jølster som alltid gir oss vidunderlig hjelp, komplett service og hyggelig atmosfære!

 

Klem fra Anita