Fra depresjon til gledesrus

The ones who falls and gets up is so much stronger than the one who never fell. 

Har du noen gang falt så langt ned i din egen djuptgrodde hole at du ikkje visste korleis du skulle klare å ta fatt på reisa opp av den? Eg har vore der. Og mange fleire og, det veit eg. Eg trur faktisk at dei fleste med suksess i sitt eige liv har vore så langt, langt nede at for nokon er det vanskeleg å forstå. Eg veit at dei som har hatt det skikkelig, skikkelig tøft og har klart å bygge seg sjølv opp etter dette, er dei menneska med mest suksess og glede i sitt eige liv. Dei som er mest lykkelige. Dei mest takknemlige. Dei positive.

Det finnast så mange eksempler på dette. Ta Lene Alexandra´s historie for eksempel. Først og fremst; Ho har virkelig endra sitt eige liv. Ho har funne den ho ønsker å vere mykje på grunn av sine tidlegare utfordringar. Eg trur at Lene er så sterk, positiv og engasjert i hennar jobb og lidenskap på grunn av alt ho har vore gjennom. Både på godt og vondt. Lene er ei dame som viser at uansett kor tungt og tøft livet kan vere, man KAN reise seg og virkelig SKINNE. Bruker man tid og krefter på å vokse mentalt kan alt skje. Det finnast få hindringar då. Og dei utfordringane og demonane som finnast utfordrast og dermed vokser man litt til. Og nokre gonger i livet, vil situasjonar repetere seg sjølv atter og atter igjen, heilt til du har lært «din lekse». Uansett kor irriterande, tragisk og tungt det kan vere. Du VIL komme sterkare ut av det.

IMG_3668

Då eg var i mitt svarte hol var eg deprimert og trist. Eg hadde sosial angst og ville ikkje eingong på butikken. Fram til den dag i dag er det nokre gonger eg har planlagt å handle, og parkerer bilen på parkeringsplassen, slukker motoren, men blir bare sittande. Eg begynner å tenke, bare sitter der, og til slutt startar eg bilen igjen og køyrer heim. Desse episodane er heldigvis ikkje så ofte lengre, det var verre når eg var overvektig, følte meg mindreverdig og ikkje gjorde noko med det. For min del er det der litt av nøkkelen ligg. Å gjere noko med det.

IMG_2959

Man kan vere så tjukk og overvektig man bare vil, men når man først begynner å gjere noko med det, å jobbe for å få eit bedre liv, eit bedre syn på seg sjølv og når man mestrer noko av det man begir seg ut på, det er då alt blir lettare. Så lenge du ikkje gidder å gjere noko med det vil du føle deg like dass. Kvar dag. Nett som nokon kanskje har det akkurat no. Eg unner dei det ikkje, å vere gravd ned i si eiga grop og ikkje orke å gjere noko med det. Men for dei det gjeld, det er ein vei ut av det. Det er håp.

Mitt svarte, djupe hol blei til på grunn av at eg blei overvektig. Det er kanskje mange faktorar som spelar inn, men så lenge eg ikkje er overvektig, og jobbar med tankegangen min, og ja, gjer noko med situasjonen, så har eg det så mykje bedre. Eg har funne min vei, og elsker livet no. Eg er i ein nesten konstant gledesrus. Eg føler meg så ekstremt takknemlig for at eg får ha dette livet eg har. Eg er og glad for alt eg har vore gjennom. Eg trur alle som har vore der nede, og som har vokst seg sterkare ved å kravle ut av den kan seie seg enige.

Remember that life´s greatest lessons are usually at the worst times and from the worst mistakes. 

img_0506

AT hodetelefoner alwaystrendy.no

Så, korleis komme seg ut av den gropa då?

Det jo ulikt for alle, men personlig utvikling er alfa omega! Du kjem ingen vei om du ikkje jobber med din mindset. Du kan så klart klatre litt oppover ved å bli motivert av diverse innfall, men du vil falle ned igjen om du ikkje samtidig endrar tankegangen din. Eg har lest mange bøker etter at eg begynte å klore meg fast oppover veggene i det svarte holet. Eg trudde aldri eg skulle bli ein lesehest, men tok visst rimelig feil der ja. Eg les dagleg, om det er bare 10 minutt eller 1 time om gongen. Alle bøkene er innan utvikling. Eg er blitt avhengig av å lære meir, gjere meir, forstå meir.

Ein annan ting er å gjere ting du frykter mest. Det høyrast jo skummelt ut, men å stige ut av komfortsoner, wow, det gjer virkelig ein gigantisk endring i din mentale styrke og utvikling. For eksempel kom deg på treningssenteret om det er det du frykter. Bestill ein PT-time, då har du nokon som er der med deg. Eller er du engstelig for å følge opp den kunden som er sur og direkte? Vel, ta det konstruktivt, du vil lære av dette, og bli tøffare og sterkare.

Eg har skreve litt om min historie og meir om det mentale HER

Your life only gets better when you do. Work on yourself and the rest will follow. 

Anita, LA Lifestyler.