Frå ein overvektig til ein anna
eller til dei som måtte lese dette:
Når EG kan bli sykkelinstruktør, til tross for høg fettprosent, dårleg kondis og frykt for å snakke foran andre, så kan DU bli det du har lyst til!
Når EG kan bli personleg trenar, til tross for dårleg sjølvfølelse, angst for å gå ut blant menneske og for mange kilo på kroppen, så kan DU bli det du drøymer om!
Når tida er riktig vil alt falle på plass.
Men du treng å vere åpen for mulighetane når dei kjem.
Vi må tørre å gå for ideane våre, før hjernen går i «eg skal holde deg trygg»-modus.
For hjernen vil jo bare beskytte oss og holde oss trygge.
Men det er ikkje i den trygge sonen nøkkelen til livet vi drøymer om ligg.
Nøkkelen til livet vi ønsker oss og drøymer om ligg i:
– Vår vilje til action
– Vår evne til å trosse komfortsona
– I dei gode vanene vi bygger oss
– Vår sjølvdisiplin
Eg har brukt MANGE år på å komme meg hit eg er i dag, og det vore ei enormt tøff reise.
Men no når eg er her, var det alt verdt det.
– The pain you feel today, will be the strength you feel tomorrow –
Klem fra Anita