Heimelaga kjøttkaker

Sunne, proteinrike kjøttkaker stekt utan ekstra fett.

Perfekt middag for sunne familiar.

Bland saman 1 karbonadedeig, 2 egg, 1 løk, salt og pepper. Eit tips er å ta karbonadedeigen ut av kjøleskapet i god tid før du skal lage maten, så det ikkje blir så kaldt for hendene når du skal kna deigen.

Rull og form til kjøttkaker og steik på 200 grader i 30 minutt. Eg snudde dei litt over halveis, og bytta bakepapir, fordi det renner ut mykje fett, men det er nok ikkje nødvendig. Lurt å følge med, og skjære i ei kjøttkake etterkvart, for å sjekke at dei ikkje blir for tørre.

Eg hadde kokt opp poteter og frosne grønsaker på forhånd og la desse utover ilag med kjøttkakene dei siste minuttene i steikeovnen.

 

Krydra med diverse krydder.

Ein sikker vinner for heile familien.  

Enjoy your healthy life 🙂

 

Klem fra Anita