I am your biggest fan
«I’ve loved you since before you took your first breath, and I will protect you until I take my last.»
Angelica. Mi einaste datter. Uansett kor mykje vi kranglar og du tramper langs stuegolvet, så vit at uansett kven og kor mange som trer inn i ditt liv, det er ingen som elsker deg meir enn det eg gjer.
Angelica er blitt 10 år. Eg er ikkje heilt sikker på korleis det er mulig. Og eg veit ikkje svaret på korleis eg kan hjelpe ho for å alltid elske seg sjølv og ha troen på seg sjølv. Eg kan ikkje installere verdiar og sjølvtillit inn i ho slik eg kunne gjerne tenkt meg å gjere. Så det beste eg kan gjere er å fortsetje å la ho få vite kva ho er verdt og at ho kan klare alt ho nokon gong skulle drømme om i denne verden. Eg kan fortsetje å skrive litt av mine tankar til ho og ta vare på det, så ho får lese det seinare. Eg kan fortsetje å leve ut mine verdiar og forhåpentligvis vil det smitte over på ho. Ikkje at ho skal leve mitt liv, men at eg gjer det eg kan for at ho kan bli den beste versjonen av seg sjølv som ho ønsker å bli.
Det siste året har vore tøft og utfordrande for oss. Spesielt for Angelica. Det å få ein livsvarig diagnose som ikkje kan reverserast, ikkje eingong med riktig kost og aktivitet som kan reverse så mykje anna, er ikkje enkelt for eit barn. Hadde det vore noko vi kunne gjere for få det til å forsvinne, hadde vi gjort det. Men vi er takknemlige. Takknemlige for at det går an å leve med. Takknemlige for at det finnast så gode løysingar som gjer det enklare for eit barn å leve med sjukdomen. Takknemlige for livet.
Kjære Angelica, du er modigare enn du trur. Du er sterkare enn du trur. Du er smartare enn du trur. Eg trur at du blei sendt til meg for å gi meg noko å kjempe for. For å vise meg at det er uendelig mykje kjærleik i denne verden. For denne verda er tøff å leve i.
Eg gjer mitt beste. Eg er langt fra god nok. Man kan alltid bli bedre. Eg er utålmodig, langt fra perfekt og eg kan heve stemma. Eg er lei meg for det. Eg elsker deg og dine brødre meir enn eg elsker noko anna i heile denne verda og eg ønsker alltid at eg kunne vere endå bedre for deg. Eg innrømmer at eg ikkje alltid elsker din oppførsel, og eg er rask med å fortelje deg det. Og slik er det å vakse opp og trosse grenser. Men kvar bidige dag, eg elsker deg meir enn eg nokon gong kan elske noko. Uansett kva.
She stands firmly on her own two feet and I just behind her; should she ever need me.»
I helgen skal Angelica vere med mammaen sin på jobb. Eg ønsker at ho skal få ta del i den energiske og gledesstrålande jobben eg har. Dette blir ei helg der ho får sjå virkelig korleis vi løfter kvarande som kollegaer, gaver, klemmer og applaus og der vi lærer kvarandre og utvikler oss med våre fantastiske forelesere. Så klart blir det ikkje det same for ho som det er for meg, kanskje det til og med blir kjedeleg for ho i lengda, men dette er bare starten. Eg veit at ungane mine kjem til å vakse opp med så mykje positivitet, suksess, fellesskap og glede. Det kjem garantert il å gjere dei til bedre personer. Eg er så takknemlig for livet eg har. Og eg ønsker at Angelica og brødrene skal vere like takknemlige. Men då må dei først lære seg å ha troen på seg sjølv og elske seg sjølv. Det er eit ordtak som seier: «Elsk handlingene dine, så begynner du å elske deg sjølv.» Eg begynner å forstå meininga med det sitatet, og eg skal gjere alt eg kan for å lære dette til mine barn.
«To my Daughter. Never forget that I love you. Life is filled with hard times and good times. Learn from everything you can. Be the woman I know you can be.»
Ein dag, når mine sider av mitt liv er over, veit eg at du, Angelica, vil vere eit av mi livsbok’s vakreste kapitler.
Klem fra mamma.
Lise
25/08/2016 @ 12:27
Naaw..❤ nydelig
Anita Veberg
25/08/2016 @ 12:36
Takk <3