I prøverommet..
Eg gjer så godt eg kan med å sjå blid ut og late som ingenting…
Eg går optimistisk inn i butikken. Eg har eit håp om å finne noko nytt og fint. Dei har eit enormt utvalgt og mange fine klede. Eg må då klare å finne noko som vil vere fint på meg i dag?
Eg går rundt og sjekkar på stativ, bord og hyller. DEN toppen var fin! Tørr eg i det heile tatt sjekke om dei har størrelsen min i denne? Hadde den vore fin på meg? Eg flytter fingrane lenger og lenger bak på stanga. Tenk om nokon ser at eg må heilt bakerst på raden, og kanskje ikkje løfte av noko uansett? …. XS, XS, S, S, M, M, XL. Eg tar sjansen på å prøve XL, og tar den over armen. Tenker tanken å starte mitt eige klesmerke, bare fordi eg er så lei av at det alltid er i overflod av størrelser i dei små og normale størrelsane, men så ekstremt lite utvalg i dei litt større. Og kvifor er det ikkje XXL her for dei som måtte trenge det??
DER var ei fin bukse, med tjukt stoff som eg likar, muligens fordi eg ikkje foretrekker å lyse opp appelsinhuda på lår og rumpe.. Eg sjekker størrelsane. 36, 36, 38, 38, 40, 42. Nei, 42 blir nok for lite, og det nederlaget orker eg ikkje, så den lar eg bare henge. Eg finn ei bukse som ser nokolunde grei ut, men ikkje på langt nær så fin som den forrige. Ja, for Gud forby, at vi finn klede vi faktisk har lyst på! 36, 38, 38, 40, 40, 42, 44, 46. Flaks. Eg tar med meg 44 og 46 i den. Tar alltid med 2 størrelsar om eg kan, i tilfelle den eine ikkje passar. For når eg først er i prøverommet, vil eg gjere meg ferdig den eine gongen.
Å stå i eit prøverom med den største størrelsen du fant i butikken, og at den likevel ikkje passer. Noko av det passar, men det blir for tett innpå kroppen likevel. Eg har for lengst blitt rosa i ansiktet og blank i panna. Små svettedråper renner nedover ryggen, og eg har bare lyst å sette meg ned og gråte i det lille, varme rommet. Knapper og glidelåser på buksene eg håpte skulle bli med meg heim kjemper imot meg, og den fine toppen henger ikkje laust og ledig som på utstillingsdukka. Eg prøver uendelig mange plagg, og blir meir og meir skuffa over meg sjølv for kvart plagg som gjer til at eg ser ut som Michelin-mannen.
Det endar med at eg kler raskt av meg dei siste plagga, men eg ventar litt med å ta på meg igjen dei kleda hadde på meg frå før. Fordi eg er så varm. Eg ryddar roleg i kleda, medan eg håper at rosafargen i ansiktet skal roe seg litt. Sjølv om eg veit at for meg tar det lang tid å kjøle ned eit varmt ansikt. Eg håper det ikkje står nokon utanfor, som har venta lenge, og veit kor lenge eg har vore der inne..
Eg gjer meg klar for å gå ut. Eg lar nokre av kleda henge igjen i prøverommet, så dei andre i butikken ikkje ser kor mykje eg faktisk hadde med meg inn. Noko tar eg med meg ut igjen, bare for å kunne bistå dei hardtarbeidande damene som er på jobb denne dagen. Eg gjer så godt eg kan med å sjå blid ut og late som ingenting, og prøver å skjule det rosa ansiktet, medan eg heng tilbake kleda.
Deretter spring eg nesten ut av butikken. Rett til bilen. Hiv av meg jakke og skjerf og kan endelig roe ned igjen. Endelig ferdig. Men så varm, så trist og så oppgitt..
Den sosiale angsten fekk jammen prøvd seg i dag. Eg gjekk på shopping. Men det endte som det pleier…
Eg køyrer heim. Neste gong blir det shopping i nettbutikken..
Klem frå Anita
Cecilie Sundli
27/01/2019 @ 09:18
Eg veit SO godt kor det føles. Gruar meg nesten alltid til shopping 🙁 Og blir sint på denne kroppen min som liksom aldri passar noke. Når eg egentlig burde vere sint på dei som lagar klær. For ikkje alle har ein A4 kropp, kva no enn ein A4 kropp er.. Å snu tankane når ein har misslykkast plag etter plagg er so å sei umulig, og ein går heim med ein vond følelse og med styggen på ryggen….
Anita Veberg
28/01/2019 @ 13:59
Tell me about it! Eg husker så sjukt godt den gongen eg skulle vere brudepike for storesøss, og vi var hos ein som tok mål av oss, og vi skulle prøve kjolar, så sa han idet han målte meg at eg hadde rar kroppsform! Kva i hulaste liksom… Det var innmari tøft for ei usikker tenåringsjente som hadde begynt å få kvinnelige former.. Eg vart kjempelei meg, og har aldri gløymt det heller..
Heldigvis finnast det fine klede innimellom. Eg fant ei råfin slengbukse med stretchy stoff og fin topp med vide armer på Kappahl, i den plus size-avdelingen der. Måtte ha både svart og kvit i den toppen 😉 Mykje fint der faktisk!
Vi får bare stå på og prøve å bli meir glade i oss sjølve, og leite etter dei perfekte plagga. DU ER BRA NOK UANSETT, CECILIE, OG DET ER EG OG. Klem <3
Lise
27/01/2019 @ 09:37
Uff. Tenker du sånn? Du er jo så fin anita! Eg trur ikkje det er nokon i heile verda som tenker på kva str du tar og om du må heilt bak på stativer for å finne den. Eg er ikkje superfornøyd med kroppen min heller, men har aldri tenkt på akkurat det der. Sikkert fordi eg aldri har tenkt på kva str andre bruker heller.
Du er ein vakker dame berre så du veit det. Ikkje tenkte eg noko på om du hadde lagt på deg i bursdagen til emma heller. Såg ikkje noko til det. (Du nemte det i eit anna innlegg)
Du skriver at du er oppgitt over deg sjølv. Men tenk så mange som ser opp til deg og alt du klarer å oppnå. Eg er stolt av deg og det trur eg resten av familien er og.
Mulig du blir litt irritert når eg skriver detta, men eg trur at dei fleste tenker sånn som meg. Så du må slippe tak på dei tankane, for då får du det bedre i sånne situasjoner.
Klem til deg❤
Anita Veberg
28/01/2019 @ 14:07
Hei Lise, og takk for så fine ord frå deg. Ja, du la nok ikkje så merke til at eg hadde lagt på meg i Emma sin bursdag, fordi eg har vore sånn ganske lenge. Gjennom fleire bursdagar. Eg gjekk opp igjen alt rett etter bikinifitnessperioden for eit par sidan, og endå litt til no i seinare tid. Så det har jo gått over lang tid. Men eg jobber med saken, med å godta at eg er her no, men samtidig bli sunnare mentalt 😉