Kjøleskapsgrøt – min faste frokost

Create healthy habits, not restrictions. 

 

Kjøleskapsgrøt

Min faste frokost er verdens enkleste frokost. Og den gir meg metthetsfølelse, god samvittighet, energi og ein smaksopplevelse. Etter at det blei ei vane for meg å lage havregrøt kvar morgon savnar eg ikkje lenger brødskivene. Og med det meiner eg ikkje at eg aldri spiser brødskiver, at det ikkje er sunt nok til å kunne spise av og til, eller at eg ikkje liker det lenger. Nei nei nei. Eg seier bare at dette gir meg ein god (bedre) start på dagen, saman med andre små, daglege rutiner eg har danna meg i kvardagen.

Eg har ikkje tal på kor mange som har spurt om oppskrifta på denne kjøleskapsgrøten, også kalla «Sjokogrøt» her hos meg, så no tenkte eg at det var på tide med oppskrift på bloggen! Og her har du den:

Kjøleskapsgrøt/Sjokoladegrøt: 

Havregryn 

Proteinpulver (vanilje, sjokolade eller 50/50)

Vatn 

Du blander havregryn og proteinpulver saman med litt vatn, rører godt, og setter den i kjøleskap (eller tar den med deg i matboksen på vei til jobb/trening eller kva det måtte vere, den er ikkje nødt å stå kaldt). 10-20 minutt er gjerne meir enn nok for at havregryna skal bli mjuke og grøten fastare. Blandingsforholda er avhengig av kor mykje du vil ha, og når folk spør meg om gram og mengde, svarer eg stort sett litt vagt. Det er fordi det er opp til kvar enkelt kor mykje man treng i løpet av ein dag. Men alt fra 50-100 g havregryn er fint til ein frokost, og 20-40 g proteinpulver.  Om du vil ha litt søtare smak, kan det blandast i ulike typar Sukrin eller anna søtning du likar å bruke.

Eg spiser den ofte utan noko som helst topping, men det er jo uendelige alternativ man kan bruke!

Topping: 

Bær 

Mørk sjokolade 

Nøttebar

Proteinbar 

Tørka frukt 

Frukt 

Nøtter 

Sukrin 

Sjokoladesaus 

  

 

Takk for titten!

Klem fra Anita