LIVE. LOVE. SPARKLE.

 

Så heldig er eg som har alt eg treng i livet. Eg har livet. Og eg har kjærleik. Og om ikkje det var nok, eg har det lille ekstra i mitt liv som får meg til å skinne sjølv på dei dårlegaste dagar. Kva kan dette vere tenker du kanskje?

  

Det er faktisk ei vippedame det! Det er så vanvittig deilig å sleppe å tenke på å måtte sminke seg kvar dag! Og Natalie får gjere det ho vil med meg ho 😉 Det visast ikkje på bildene, men eg har faktisk nokre grønne vipper saman med dei svarte! Dei gir meg endå grønnare auge, noko eg digger! Kan ikkje skjønne at eg ville ha brune og blå auge då eg var ei ung og usikker lita jente, men dessverre er det jo slik at vi ofte vil ha det vi ikkje har.

Grønne auge er faktisk mest unikt og virkelig fint! Go green! 🙂

Eg holder og på å vekse ut igjen augebryna mine litt, fordi eg skal tilbake til Natalie og prøve microblading! Eg ønsker meg fyldigare augebryn som passar bedre til mitt ansikt, og eg ønsker at det ser meir ekte ut. Augebryna mine er tatoverte, men fargen svinner jo hen etterkvart, så no teiknar eg litt med kajal kvar dag, og når eg trenar og svetter renner jo dette vekk! Så eg gleder meg så til å teste microblading. For ein frihetsfølelse! Trenger ikkje makeup når eg har vipper og ferdige augebryn fra Natalie De Kor 🙂

Natalie er nok den som har billigaste behandlingar i Førde-området, om dere ønsker vipper og bryn til å bli sjåande superflotte ut, og samtidig vere forholdsvis billig. Vippene holder lenge, og vippene mine har ikkje blitt kortare etter at eg begynte å gå til Natalie fast. Eg anbefaler Vippeexperten Natalie De Kor på det varmaste.

———————–

Mine vipper er Kim Kardashian-style no. Det vil seie at dei er ikkje like rette som klassiske vipper vi ser til vanleg. Dei er i fleire lengder og gir eit meir egenarta og sjeldant uttrykk. Eg liker det meget godt!

No er det lørdag og vi er på veg ut dørene for å handle godis på den nye, store Europris (aka «Godtebutikken» i vår heim)!

I kveld ventar sofaen og Netflix på meg og kidsa, med godis og cheatmeal. Helg er fint.

 

Klem fra Anita