Livet går raskare enn du trur

Eg har så mykje å fortelle dere. Eg har gjort mykje sidan eg sist skreiv her inne. Eg har vore i Hellas på dekka og betalt luksustur av jobben min i FLP, eg har vore på NM i bikinifitness, eg var ferdig med bikinifitness-dietten og eg har vore av den i nesten 2 månedar no med litt kjipt resultat då eg inntok meir av det eg ikkje burde. Eg har nettopp starta vidare på nesten same diett. Eg har på denne korte tida borte fra bloggen vurdert å bli både vegetarianer og veganer, og eg har funne ut at tiltak må takast. Veganer/vegetarianer har eg ikkje blitt, men små endringer blir gjort as we speak. Melk er nesten kutta ut av kostholdet, og eg er ganske fornøgd med den avgjørelsen.

Eg har hatt julebord her hos meg saman med mitt lokale FLP-team, eg har laga meg arbeidskrok med bestemors fine, gamle sybord der eg framover skal jobbe og blogge fra, og eg har endelig fått ny Mac. Eg har lært mykje meir om meg sjølv, både på godt og vondt, og eg har funne endå meir å engasjere meg i, ein ny passion kan man kanskje seie. Julemånaden er i gang, og eg har ikkje fått delt mine tankar her sidan tidleg september! No har eg gleda meg lenge til ny pc og til å skrive meir, men alt til sin tid. Dere som følger meg på Snapchat er nok godt oppdatert likevel og på Instagram deler eg mykje av maten eg lager + litt til. Du kan finne meg på Snapchat som Neeten og på Instagram finner du meg HER.

img_9793

I dag titter eg bare innom for å seie hei igjen, og fortelje at framover blir det nok litt catching up og så blir det så klart mykje deling frå min fortsettelse på bikinifitness-reisa. Den bunaden min dere, den skal sitte som eit skudd kommande 17.mai! No i år var den så pølseskinn at eg ikkje klarte å gå med den. Men i 2017 er det eit fint delmål å ha, at bunaden skal kunne brukast utan pusteproblem. Det ser eg fram til!

Eg har så mange drømmer og planer for det nye året, men det kjem eg tilbake til i seinare innlegg. Sidan eg er så heldig å jobbe heimefra kan eg styre dagane mine sjølv, og ein del av denne arbeidstida går til planlegging, lesing, og korleis nå måla eg setter meg. Nokon av dere har og etterlyst meir oppskrifter og mat, og treningsframgangen min, så dette blir det meir av og. I tillegg har eg fått eit spennande oppdrag av Lene Alexandra og co, og det er å skrive for Lene på hennar blogg eit par dagar i veka fram til april 2017. Det blir gøy, spennande og utfordrande.

img_9792

Eg kjem til å fokusere meir på kortare innlegg, men dere kan ikkje sjå bort frå at det blir nokre lange skriverier innimmellom. Eg veit personleg at når det er gruelig mykje tekst orker eg ikkje å lese gjennom alt, då bare scroller eg mens eg ser på bildene. Derfor skal eg tenke på det når eg no skriver. Mindre tekst, eventuelt fordelt over fleire innlegg, og så klart bilder til. Då blir det enklare for dere å få med dere alt. Så derfor setter eg strek no for i dag. Eg gleder meg til å vere her igjen med dere, og takk for alle utrulig fine kommentarar dere har delt med meg på mine andre sosiale medier i mellomtida, eg blir så takknemlig og rørt over alt det fine dere forteller. Tusen takk. Og dere: Ikkje vent med å gjere det dere tenker på, har lyst til, drømmer om. Livet går raskere enn du trur.