Lompepizza og jentekveld

Some people make your laugh a little louder, your smile a little brighter, and your life a little better. 

Så morsomt når eg deler mat på sosiale medier. Då får eg så mykje positiv tilbakemelding og mange spørsmål. I går var eg på ein liten, koselig jentekveld hos ei av mine nærmeste venner. Der laga vi lompepizza, slik vi pleier å gjere kvar gong vi møtast på jentekveld. I går var det Jannike som laga pizzaene, og ellers pleier vi å dele på det, gjerne gjer vi det saman og, og veldig ofte er det eg som får krydre og tilsetje smak, fordi eg tørr å pøse rikelig på. Det er så godt med mange ulike krydder med mykje smak.

  IMG_4432

Sidan eg har fått ganske mange henvendelsar på dette bildet, både på Instagram og Snapchat (Neeten) tenkte eg rett og slett å dele korleis vi (Jannike) laga desse i går.

1.Du kan bruke akkurat kva for nokre lomper du vil. Eg pleier å bruke Buer Speltlomper. 

2.Legg 4 lomper, eller 5 om du får plass, på bakepapir på eit steikebrett. 

3.Sprut over litt ketchup (eg bruker sukkerfri) på alle lompene som ein slags pizzasaus. Fordel rundt med ei spiseskei om du vil, men det er egentlig ikkje nødvendig, det er like godt uansett. 

4.I går blei det brukt kyllingfilet som Jannike steika opp førut, og deretter fordelte ho kyllingbitane over på lompene. Ofte brukar vi ferdigstekt salatkylling som er veldig enkelt og greit, men det er ikkje alltid vi finn det når vi treng det, men då funker stekt kyllingfilet like godt. Krydre gjerne kyllingen godt under steiking, om du ikkje brukar ferdig salatkylling. 

5.Legg over litt ost, og det kan med fordel krydrast litt oppå osten og. Det blir sjeldan for mykje krydder. Det er no mi meining. Mykje smak er så digg. 

6. Steikast på 200 grader midt i ovnen i 10-12 minutt. 

7. Vi hadde 2 brett, med 4 lomper på kvar, så vi steikte 4 lompepizzaer om gongen.

**

Det er nydelig godt! 🙂 Hope U like it!

Krydder eg likar å bruke er: Salt og pepper, kvitløkspulver, paprika, chili og piffi/allround.

Tusen takk for koselig kveld i går, frøkner, det er alltid like koselig og avslappende og sitte og bare prate med dere i nokre timar.

**

Til lunsj i går fekk forresten jentungen for seg at ho ville lage noko sunt og godt til heile familien. Ho fant eit par av mine sunne bøker som eg har ståande i tallerkenhylla på kjøkkenet, og det blei til at ho laga kjempegod taco-lignande lunsj til oss.

IMG_4403

Flinke jenta mi.

IMG_4406

Følg meg på IG om du vil. Det er der det skjer 😉

**

Om du vil ha fleire lompetips, sjå bare HER. Eg skreiv dette innlegget på Lene Alexandra´s blogg for nokre månadar sidan, alle likar jo ein lompefest! Ehhhhmm… vennligst ikkje les feil. Ikkje bytt ut L-en med ein R. Det gir heilt feil, ja totalt komplett feil signal og meining. Så det så. Takk.

Klem fra Anita