Mango Smoothie Bowl
Den beste smoothien eg har laga til dags dato! Digger fargen, smaken, næringsinnholdet, konsistensen!
Og sjå så enkelt det er:
1 frossen banan i biter
1 stor mango
Ein dæsj kokosmelk (eller mandelmelk el.l.)
Nokre isbitar
Om du vil ha superdeilig mango smoothie til frokost i morgen, og du har mango, melk og banan i huset, så er det bare å kutte opp bananen og legge den i frysen no før du legg deg, så har du alt du treng til i morgen tidleg.
Granolaen på bildet finn du oppskrift på HER. Ellers har eg toppa med cocoanibs og kokosflak.
VEL BEKOMME!
Vil du ha fleire oppskrifter, sjå HER! 🙂
Takk for titten.
Klem frå Anita