Mat er ikkje fienden

Tidlegare trudde eg det. At mat var fienden. Eg og mat kunne ikkje bli venner. For eg og kroppen min var heller ikkje venner. Maten og kroppen var mine uvenner.

 

Å leve slik i over 20 år er ikkje enkelt. Men eg er virkelig på bedringens veg. Og det følast heilt nydelig.

 

Maten er blitt min venn. Det er jo den som gir det livsnødvendige drivstoffet til kroppen min. Som for øvrig også er blitt min venn. Eg kan ikkje skryte på meg at alle dager er like, og at det er rosenrødt heile tida. Men slik er det jo ikkje for nokon. Så det skal ikkje vere noko eg krever heller. Einaste eg krever no, er at eg gjer jobben. Med å dyrke det nye vennskapet med mat og kropp.

 

Eg har begynt å godta at mine tidlegare skavanker (appelsinhud, strekkmerker, høgare fettprosent, valker, rundare mage enn før osv.) er bare ei utside. Den utsida betyr jo ingenting for kven eg er. Det har ingen betydning, og den definerer meg ikkje. Eg kan nok ikkje heilt få forklart kor evig takknemlig eg er for at eg endelig har skjønt dette. Det følast som starten på ei nytt liv. Fordi no skal eg kun jobbe med å like det eg ser i speilet. Istadenfor å sjå etter skavanker eg vil endre på.

Jente i graset med cellulitter på lår

Når det gjelder mat, så kan eg stolt fortelle at allerede på få månadar har eg kutta kraftig ned på overspising, småspising og trøstespising. Og eg har snacks og godis i skapet utan å bli dratt mot skapet kvar ledige stund eg er heime! Veit dere korleis? Eg slutta på diett! Eg slutta å ha restriksjoner! Eg gir meg sjølv lov til å spise det eg vil når eg vil! Eg legger til istadenfor å kutte ut. Eg fokuserer på å gi den flinke, sterke kroppen min næring før eg tar meg eit par smågodtbitar. Eg fokuserer på å drikke mykje vatn gjennom dagen, som både metter og senker søtsug. Eg kan spise alt eg vil, men helst noko som kroppen min ønsker seg først. Og kroppen, den vil ha næring. Ingenting er lenger nei-mat, og då har maten ikkje lenger kontroll over meg heller!

 

I går hadde eg ein av dei diggaste sjokoladeplatene eg veit her heime. Vi skulle ha den til lørdagskvelden. Freia Melkesjokolade med oreo. Då lørdagskvelden kom slappa vi av med «Skal vi danse», rødvin og innbakte nøtter. Kjempekoselig. Barna var på tur med mormor, så vi var avslappa til tusen vi. Ingen smågodt (sjølv om vi har mykje snop fra sponsa samarbeid i skapet — sjå bildet under)! Og sjokoladen? Jo, eg spiste ei rad! Bare ei rad! Altså 3 bitar. Så la eg den vekk. Hadde ikkje så innmari lyst på, så då kunne den fint sparast til seinare. Gått av banen!

Candypeople godis i skål med sjokolade og pepsi max

Eg er så takknemlig! For mange er dette heilt koko å i det heile tatt lese om, at nokon kan vere superstolt og takknemlig for at dei spiste bare 3 sjokoladebiter og litt nøtter ein lørdagskveld. Men for meg? Det er FRIHET. Rett og slett. Diettens og restriksjonens hengsler rundt meg har sluppe taket. Eg er fri!

 

Akkurat slik følast det angåande kroppen min og. Eg føler meg fri for første gong. Sidan eg var barn iallefall. Fri til å gå med shorts. Fri til å ikkje bry meg så mykje lenger. Fri til å tenke at andre sine tankar og meininger ikkje er noko eg treng å bekymre meg for. Om nokon har eit problem med korleis nokon ser ut, er det DEI som er problemet, ikkje den personen dei dømmer. Om det å vere litt overvektig er vondt og farleg for kroppen, prøv å ha all verdens deilig mat og din egen fullt funksjonelle kropp som bitre fiender i ein evig kroppskrig i 25 år…! Eg veit kva eg velger..

 

GOD SØNDAGSKVELD <3

Overvektig jente med brunt hår som sitter og ser opp

 

Tusen takk for at du les.

 

Klem fra Anita