Når eg først er her nede..

Det er hardt å ha litt ekstra fett på kroppen.

I dag når eg måtte strekke meg ned til stikkontakten kom eg på noko eg høyrde då eg var gravid. Ja, du husker vel korleis det var å måtte bøye seg ned over den store magen, og ta på seg sokkar, når du var preggo? Og den gongen lo eg godt av det, for eg kjente meg så igjen, og det får meg til å le høgt endå; «Er det noko meir eg kan gjere når eg først er her nede?»

Og i dag når eg skulle bøye meg ned, falt plutselig det sitatet inn igjen i hodet mitt. Kanskje fordi magen har blitt større (ikkje på grunn av graviditet, men på grunn av overspising og det problematiske forholdet til mat), og eg syns det er på kanten til litt strevsomt å ta opp ting frå golvet nokre gonger. Kanskje fordi eg eldast og, då er eg jammen spent på korleis det blir å bli 35 x 2.. Men trur du ikkje at eg såg meg rundt mens eg var der nede, og faktisk tok opp ein blyant bak stolen og? Jo da. Så den fekk eg rydda på plass.

 

Iblant når eg tar på meg sokker eller sko kjenner eg dessverre litt den same følelsen av at det er ein smule slitsomt. Og så klart får eg lyst å «slanke meg fort» for å sleppe desse travle situasjonane. Så klart får eg lyst å «gå ned 10 kg helst i går». Men eg gjer det ikkje. Denne gongen skal det vare når eg først skal ned i vekt igjen. For problemet mitt har aldri vore at eg ikkje klarer å gå ned i vekt. For det har eg jo bevist for meg sjølv fleire gonger at eg får til. Problemet mitt er at eg ikkje har klart å bli der. Eg legg på meg igjen alt, pluss litt til. You feel me?! Det er mange av oss. Dessverre.

Denne gongen jobber eg med å bli meir glad i meg sjølv slik eg er no. Fordi eg trur det er ufattelig viktig. Kanskje eg då etterkvart, samtidig som eg fokuserer på å vere frisk og ved god helse, klarer å gå ned nokre kilo igjen, for helsa si del, og bli der og? Fordi eg ikkje slankar meg fordi eg hatar meg sjølv?

 

Denne gongen jobber eg med å godta kroppen min og vite kor mykje eg er verdt, uansett kor mange kilogram kroppen min veg. For det tallet der definerer meg ikkje. Eg er like snill, vennlig og kul uansett kva tall det står på vekta. Og det er det eg må lære meg. Og eg trur det er mange fleire enn meg som treng å fokusere på å bli meir glad i seg sjølv, istadenfor å fokusere på vekt og BMI. Det burde ikkje ha noko å seie! Ja, gå gjerne ned i vekt for helsa si del, for at du ønsker å vere aktiv med barna eller for at du vil minske faren for diabetes type 2. Men ikkje gå ned i vekt kun fordi du misliker deg sjølv der du er no. Vi får prøve å nyte livet uansett, og bare vite at vi er gode nok som vi er mens vi er der.

 

Skift tankegangen fra VEKT til SJØLVAKSEPT.

«Eg må ned i vekt» blir «Korleis kan eg ta meir vare på kroppen min og gi den det den treng?»

 

DU ER IKKJE FEIT, DU HAR FETT. Du har og pupper, men du er ikkje ein pupp.

 

Bare tenk på om vi heller hadde vore besatt av dei tinga vi elsker og liker med kroppen vår. Istadenfor å hate. At vi hadde prøvd å fokusere på å bli glad i den jenta i speilet som har vore gjennom så mykje, men som står oppreist endå. Skal vi jobbe med å bli den kvinna som elskar seg sjølv i ein verden som ikkje vil at du skal? For det er lite pengar i kvinner som elsker seg sjølv. Det veit media.

      

By the way, ei treningsøkt kan hjelpe deg om du føler deg litt down. Når du går heim etter trening føler du deg som dronninga på haugen, og DET er ein god følelse iblant alle andre travle følelser. Anbefalast 🙂

*****

Og denne er til alle mødre, inkludert meg sjølv — Eg siterer Kate Winslet: «As a child I never heard one woman say to me, «I love my body». Not my mother, my elder sister, my best friend. No one woman has ever said, «I am so proud of my body.» So I make sure to say it to my daughter, because a positive physical outlook has to start at an early age.»

*****

Å gå ned i vekt er ikkje ditt livs hensikt, det er IKKJE meininga med livet. Vær meir enn kroppen din. Be om unnskyldning til kroppen din. Kanskje det er der helbredelsen startar.

 

Klem frå Anita