Ned i vekt på ferie??

Er det mulig då? Ja, det er det. Men det krever sitt.

Spesielt når gamle vaner ikkje er vendt om 100% endå. Når man får kommentarer. Når mannen må på ein ekstra butikk, kun fordi han ikkje fant pølsene eg måtte ha. Når eg nekter barna mine is, kun fordi eg sjølv ikkje ønsker å utsette meg for den fristelsen.

Men så over til det positive. No når ferieturen er over kjenner eg på ein voldsom mestringsfølelse. Ein stolt følelse. Ein følelse av oppnåelse. Eg har aldri gått ned i vekt på tidlegare feriar. Eg har aldri minska i cm før på ferieturar. Sjølv om det ikkje er den heilt store endringen fysisk som blei gjort denne veka, då eg gjekk kun ned 0,1 kg og mista 0,1 cm, så er det inni meg den største endringen er blitt gjort. Bare det at eg klarte å følge planen eg hadde satt meg og eg viste meg sjølv at eg kunne. Eg har og vist barna mine at eg står på egne bein, og når eg ikkje vil ha pizza som heile familien og reisefølget bestilte seg, valgte eg ein tacosalat istaden. Ein er jo ikkje til bry med vilje. Eg vil ikkje vere vanskelig i matvegen for dei eg er på tur med, men eg hadde bestemt meg og eg måtte gjennomføre. Eg måtte sende eit par meldingar til coach Vibeke eit par gonger i løpet av denne ferien, for det var nokre dagar og situasjonar som var tøffare enn andre. Og Vibeke er heilt rå på å støtte opp og komme med gode kommentarar. Så takk takk takk til deg, Vibeke, for all oppmuntring og bistand!

IMG_4117

Vi køyrde til Drammen Camping og sov i hytte der første natta. Det var kjempefint å gå morgoncardio der med hunden, på den fine stien som var laga til nede ved vatnet.

Frokost hadde gjengen kosa seg med mens eg var på morgonturen, så eg heiv bare litt vatn oppi ein av mine forhåndskjøpte plastbokser, så hadde eg klar sjokoladegrauten min til bilturen. Dette hadde eg til frokost kvar dag denne ferieveka. Eg hadde gjort klar små plastikkposer med havregryn og proteinpulver på forhånd, så var det bare å fylle med litt vatn og havregrynene bli mjuke, og vips ferdig havregraut på farten.

IMG_4033

Følg meg på IG: PTANITAVEBERG

Til lunsj var eg så heldig at eg fekk spise brødskiver eg og. Det er ein stor del av campinglivet føler eg, å dekke på campingbordet ute i sola med ulike pålegg, brødmat, pappfat og plastbestikk og sitte der og slappe av med familien og brødskiva i handa.

IMG_4112

Så det blei grove brødskiver med proteinrikt pålegg og paprika nesten kvar dag til lunsj for meg, og det same til familien, bare med litt fleire ulike pålegg.


Etter ei overnatting i Drammen skulle vi vidare.

IMG_4055

Vi køyrde til Moysand Familiecamping, ein camping som er verdt å besøke! Her er sanitæren på topp, det er ein befrielse å kunne dusje utan å måtte telle minutt og sekund før vatnet blir kaldt, og der er det store, private baderom med dusj og toalett. Eg likar meget godt det privatlivet der eg kan dusje, føne, sminke og stelle meg utan å måtte stå på rad og rekke med andre.

IMG_4071

Moysand har og ei kjempefin strand, eit supert leikeanlegg for barna, både inne og ute, og ein flott restaurant og butikk. Treningsapparat ute har dei og, dog ikkje heilt up to date, men likevel morro for store og små.

IMG_4064

Dessverre vart det litt for mykje vind for vår smak denne gongen, og vi valgte å flytte på oss bare etter ei natt på Moysand. Det var og meldt mykje regn, så vi pakka saman teltet igjen, og reiste vidare til Kristiansand. Her campa vi på Kristiansand Feriesenter, ein anna 5stjerners campingplass, og om dere liker Moysand Camping, vil dere elske Kristiansand Feriesenter! For ein stad! Vatnsklie til barna, klatretårn og hoppepute, flott resepsjon med restaurant og mange fine benkar og sitteplassar ute. Kjempehyggelig betjening var det og. Sanitæren var slettes ikkje verst der heller, sjølv om eg måtte skynde meg i dusjen fordi eg hadde kun 4 minutt på meg, sjølv om eg egentlig skulle ha 8, men eg skjønte ikkje kortautomaten. Så akkurat på det scorer Moysanden best, men Kristiansand Feriesenter var så flott at den ligger like langt oppe på lista for min del. Sørlandsidyll på sitt beste, der vi telta med utsikt over vatnet og båtar som segla forbi. Skal heilt klart tilbake.

IMG_4189

Det blei mest grilling til middag/kveldsmat, og pølser med lomper er så enkelt og godt. Eg hadde kalkunpølser, og magre pølser, på min matplan, og det passa meg ypperlig. Kalkunpølser med speltlomper og sukkerfri ketchup. Meget innafor. Ellers var matplanen min satt opp med 3 ulike alternativ til kvart måltid. Eg kunne velge mellom A1, A2 og A3. Der det var familievennlige alternativ, grill-alternativ osv. Og eg hadde mine snacksposer til kveldskos, der eg hadde oppi druer, rosiner, tørka aprikos, mandlar og mørk sjokolade. Dei snacksposane kan ha vore det som redda kveldane mine, då eg tidlegare har hatt både potetgull, kalde øl og sjokolade som campingkos når kvelden senkar seg.

IMG_4187


Vi hadde ein kveld på Kaptein Sabeltann, men der åpna himmelen seg og det bøtta ned! Vi forlot Dyreparken før forestillinga var ferdig . Klissvåte og kalde. Til tross for regntøy, støvlar og godt med klede.


Dagen etter regnfulle Kaptein Sabeltann var vi i Dyreparken igjen. Mykje trakking, og mor klarte ikkje å unngå å tenke på alle kaloriane ho fekk forbrent, der vi såg på dyra og kosa oss ilag. Ungane hadde det så kjekt med å sjå på alle dei fine dyra, det varmar virkelig eit mammahjerte å sjå barna så glade, nysjerrige og fornøgde.

IMG_4137 IMG_4143 IMG_4145

Denne dagen lot vi vere å spise på restaurant, men vi kosa oss like mykje fordi, med medbrakt niste, kjeks til barna og diverse anna i sekken.


Dagen etter tilbragte vi og i Dyreparken der vi rakk over det vi ikkje fekk med oss dagen før, og vi fekk og nokre timar i Badeland. Denne dagen var det minsten sin bursdag, og han fekk bestemme alt han ville ha. Det blei pølse i brød til frokost i Kaptein Sabeltanns rike, stort vaffelhjerte til lunsj i Hakkebakkeskogen, og familiekurv til middag i Badeland. Vi kjøpte og lørdagsgodteri som dei fekk kose seg med i Badeland.

IMG_4259

Hurra for bursdagsbarnet Samson! Stor gut på 4 år!

IMG_4244

Etter ein lang dag i Dyreparken var teltet vårt blitt rimelig tørt, sidan vi fekk sol i nokre timar på ettermiddagen, så vi pakka det saman og reiste heim. Vi køyrde heile natta, og barna fekk kose seg med godteri på bilturen kvar gong dei våkna fra lurane sine. Det var jo tross alt lørdag. Og sidan det var lørdag fekk eg og spise godteri.

Lørdagskvelden blei altså brukt på vegen, og turen heim gjekk overraskande bra. Så klart litt terging og plaging innimellom, men både eg og mannen er enige i at det gjekk over all forventning. Kanskje fordi dei sov puljevis, og dermed krangla litt mindre. 3 barn i baksetet er jo ikkje bare bare. Men all ære til dei, fordi dei klarte 11 timar fra Kristiansand til Førde i baksetet! Så klart er dette med mange tisse- og luftepauser, både for oss og hunden.

IMG_4269

3 trøtte fjes på Utsikten. Nesten heime. Frokosten tok vi på Jølstraholmen og dermed var ferieturen vår slutt. Ikkje mange dagane, men mange nok til å nyte mykje familietid saman.

IMG_4275

Eg er kjempeglad for at vi tok oss bryet å reise nedover med alle barna, i telt, og til tross for dårlege værforhold har vi skapt gode minner. Minsten hadde iallefall tidenes bursdagsfeiring i Dyreparken og Badeland. Som han kosa seg!


Eg kan stolt fortelle at dette er den første ferien eg har klart å holde vekta, og til og med ha minustal. Eg er så glad for det! Eg har jo kosa meg eg og, sjølv om eg måtte takke nei til mykje. Det er bare slik det må vere. Eg kan ikkje spise alt eg vil ha, ferdig snakka. Då går det gale igjen. Slik det har gjort kvar gong. Kjedelig nok, men skal eg klare å nå måla mine, om ein kropp eg trivast i, så må eg velge unna noko. Eg må planlegge og bestemme meg. Utføre og vere stolt. Uansett kva.

Det høyrast jo ikkje ut som eg har gått «på diett» denne veka når eg har spist både pølser, mørk sjokolade, brødmat og lørdagsgodis, gjer det vel? 🙂 Eg kosar meg med maten, men på ferie var det ei utfordring. Men den klarte eg.

Og jo, barna mine HAR fått is, feriegodis, usunn mat og anna. Bare ikkje kvar dag, og ikkje kvar gong dei spurte så fint med dådyrauge.

Vi hadde ein fin ferie vi. Til tross for regn, vind, mor på matplan og fuktig telt. Men neste år blir det campingvogn eller hytte.

Klem fra Anita