No forlater dei oss..

Våre små søte nøster er blitt 2 månadar gamle kvalpar, og då er det straks klart for at dei skal forlate oss til fordel for deira nye familiar.

 

Det har vore ei fin tid med desse nydelige pelsdottane i familien. No skal dei vidare til sine nye heimar og vi kjem til å savne dei stort. Dei har berika livene våre, og barna våre har tatt seg så godt av dei. Det er så godt å sjå kor omsorgsfulle og kjærlege barna er mot dyr. Det gjer mammahjertet glad.

 

Det verste er sjølvsagt denne leveringa av kvalpane no i mai. Triste barn, gråt og sorg. Men dei visste at det kom til å skje, og det vil nok raskt gå tilbake til den vanlege kvardagen som vi hadde før, med kun hundemammaen Eira og pusen Betzy. Det fine i alt det triste er at mange av kvalpane blir i Førde og omegn, og nokre til og med i slekta, så vi får sjå, og kose med, dei igjen, og vite at dei har det bra! 🙂

Frå venstre: Lego, Maiken, Markus, Molly & Fluffy. Og så klart mamma Eira.

Molly har fått seg heim på Sande

Molly har fått seg heim på Sande

Lego skal til Angedalen

Maiken er framleis ikkje solgt – men fleire har ho til vurdering. UPDATE 14/5: Maiken er no solgt ho også, og har komt til sin nye heim.

Fluffy får sin faste heim i Slåttebakkane

Markus blir bare eit (eller to) steinkast unna – her i Sundsdalen

Fine gjengen vår. Det blir tomt utan dei. Men dei får det fint i dei nye heimane sine med mykje kos og omsorg, og god oppdragelse, og det skal bli kjekt å sjå dei vekse seg til fullvoksne hundar. Vi kan håpe dei blir like rolege, snille og fredelige som mammaen deira Eira. Men det vil tiden vise 😉

Takk for titten.

Klem frå Anita