Okey, okey, here´s the deal!

The future depends on what you do today. 

Eg er så fired up! Og kvifor høyrast alt bedre ut på engelsk? Dere ser meg bruke både norsk og engelsk om ein anna, men eg kan ikkje noko for at engelsk veldig ofte høyrast mykje bedre ut! Meir passionfueled og meir up to beat! Jepp, you see my point? Ha, once again! Og igjen! Eg kunne holdt på sånn i det uendelige!

Men samtidig er eg kjempeglad i nynorsken min, og eg syns nynorsk er kult! Eg er bare meg, og eg er nynorsk. Og engelsk i visse tilfelle. Eg er glad eg har dialekt, det er jo tøft! Men eg er litt blanding. For innimellom snik det seg inn bokmålsord, eller til og med snodige Førde-dialektord i skrivinga mi. Noko som er heilt ok det og. Ja takk til alt, for det er det som er meg.

IMG_3910

Tingen er den at eg har brukt litt tid på å sette meg nye mål i det siste. Mål som skal gi meg den interne flammen innvendig. Det som skal gjere meg tårevåt når eg tenker på det. Det eg skal visualisere i alle dagar framover heilt til målet er nådd. Og det gjer meg så gira. Som mange veit gjer eg mykje innvendig arbeid. Noko som er heilt essensielt for meg som både er på ei reise mot ein kropp eg føler meg fantastisk i, og på ei reise i min heimebusiness som eg bygger opp fra bunnen av. Eg bygger mitt varemerke, som er meg, og det er både innen homebiz og fitness. Eg som er så heldig som får sitte heime og jobbe og har ingen som sjefer over meg, må og vere så disiplinert og motivert at eg gidder å jobbe. For nokre dagar er Netflix meir fristande, eg skal ikkje lyge det ifrå meg.

Familien min er dei fantastiske menneska som er grunnlaget for mine businessrelaterte mål. Eg har bestemt meg, for at dei skal få noko eg har ønska å gi dei lenge. Litt fordi eg syns det er skikkelig kult, og litt fordi eg trur dei kjem til å digge det. Men då må det sparast opp ein del pengar, og derfor skal eg jobbe så sinnsjukt hardt framover. Om denne gaven til barna mine ikkje blir realitet i år eller neste år, bare vent og sjå, for ein dag BLIR dette målet oppnådd. Og eg gleder meg!

IMG_3399 IMG_3619

 IMG_9462

Eg seier ikkje meir om kva dette innebærer, men eg har iallefall «ropt det ut», så no må eg bare jobbe på. I tillegg til dette ønsker eg å reise så mykje meir enn vi gjer no. Eg er ein EXPLORER! Eg drømmer om å oppleve og sjå fantastiske stader og lage vidunderlige minner med familien. Det er ikkje utan grunn at mitt dreamboard (ei stor bilderamme fullt i utklipte bilder) er dominert av nydelige reisebilder. Eg ønsker å reise på seilbåtcruise med kjæresten, eg ønsker oppleve safari i Afrika med barna, køyre rundt i USA i minivan med senga baki, gruse Route 66 i cabriolet, køyre offroad i ørkenen i Dubai, ligge langstrak på kvite strender i Maldivene, leve livet på luksusyacht i Middelhavet. Eg vil oppleve Antarktis, Skottland, Frankrike, Hong Kong. Surfing, strand og storbyliv. Med min familie.

Så, då er det ikkje anna å gjere då, enn å jobbe hardare enn nokon gong før.

Med sterke ønsker kjem sterk disiplin, og då kan alle drømmer oppfyllast!

IMG_3917

             – «If it´s important to you, you´ll find a way. It it´s not, you´ll find an excuse.» –                  

Klem fra Anita