På tide å ta grep!?!

Tenk at ein liten ide kan gi så mykje!

Etter ulike innlegg om min matlaging, eller «foodprep» som det kallast blant fitnessfolket på sosiale medier, og då utallige spørsmål fra følgere, fekk eg eit innfall. Ein ide som gjorde til at eg tenkte: «Shit, det kan eg jo prøve!» Og skummelt var det, ja alt som er uprøvd og nytt, er skummelt. Men man lærer ikkje utan å prøve. Eg er så takknemlig for meg sjølv som bare gjorde det, der og då, den samme kvelden ideen kom. Om eg ikkje hadde gjort det, hadde det kanskje kun forblitt ein ide. Og ikkje eit fullverdig prosjekt som har hjulpet fleire menneske allerede.

Så eg la ut eit innlegg på min instagramkonto, og skreiv eit blogginnlegg om at eg hadde lyst å hjelpe andre med foodprep og i samme sleng vektnedgang, og det å danne seg bedre vaner. Lite visste eg då eg trykte på Publiser, at det ville komme 80 (!) henvendelser til min innboks. Kan dere tenke dere ansiktet mitt når det kom mail på mail, når eg var redd det ikkje kom til å komme ein einaste??

Etter at vi starta Kurs 1 i september -17 har det komt maaaange forespørsler til, eg har faktisk ikkje tall på kor mange(!), både om å bli med i kurs 1, som var dessverre fullt, og i kommande kurs 2, som startar 12.januar. Der er det endå plass til fleire, og eg gleder meg til å bli kjent med alle som blir med! Alle dei fantastiske, gode, men litt for ofte triste og leie damene som er så lei av å vere der dei er no. Der eg sjølv har vore. Eg vil hjelpe alle. Men vi får ta det steg for steg.

Kurs 1 er ferdig. Vi avslutta 12.desember, og for eit eventyr det var! Vil dere vite litt resultater? Bare fortsett å lese.

 

  • «Dette er heilt rått! Og eg er superduper fornøgd! Tusen takk til deg for all støtta underveis og at du har fått meg til å snu tankegangen/tenke på nye måtar kring livet generelt!» – Astrid – 12 kg lettare på våre 3 månadar saman
  • «Det e lenge sia eg har klart og følga nåkke øve lengre tid, og kjent på den mestringsfølelsen!»  – Karoline – 7,5 kg lettare gjennom kurset

  • «Fra å være ulykkelig, tung, lei, tom for energi, og lat.. er jeg nå etter 3 mnd glad, jeg er så glad! Føler en indre glede jeg ikke har følt på årevis. Dette opplegget føles annerledes enn alle de andre oppleggene, tro meg jeg har prøvd dem alle. Jeg har tatt av over 10 kg og mistet over 50 cm, KUN med kosthold, for trening har vært så som så. Og jeg blir tvunget til å endre tankesett ved hjelp av daglige oppgaver! Jeg gleder meg enormt til å starte på nytt prosjekt i januar!» – Stine – over 10 kg lettare og over 50 cm smalere

Og her er endå ei som gjorde ein fenomenal innsats! Bare sjå bildet! Sjukt!

45 cm smalere, nesten kun med kosthold.

Eg er så stolt av ALLE som var med i kurs 1, det var litt av ei reise! Det var ikkje bare ein gong eg måtte tørke tårene når eg las vekerapporter og tilbakemeldinger. Glade, gode tårer som viser meg at eg må ALDRI la små ideer forbli i tankane for alltid, dei må ut i livet, dei må utførast! Vi må tørre å gjere det vi drømmer om! For ein rørande og givande jobb dette er. At eg får vere med på slike utviklingsreiser til andre mennesker. Eg er så vanvittig heldig!!

***

Er du overvektig og drittlei, er sjansen din akkurat her. Akkurat no. Ønsker du å kjenne mestring, kjenne den indre gleden, snu tankegangen og bli med verdens kulaste gjeng i samme situasjon?? Vil DU vere med på kurs 2, så er det bare ein ting å gjere:

kontakt meg på mail: ptanitaveberg@hotmail.com

 

UPDATE 06.11.2018: Prosjekt Overvektig og drittlei går i sitt siste kull no, og går fra 2019 vidare i ny form. Meld deg på mitt nyhetsbrev for å få tilgang til eit splitter nytt 7 dagers gratis kickstart-kurs, og bli med vidare for å sjå kva som kjem i 2019! 🙂 –> https://anitaveberg.com/subscribe/

Snakkast snart! 🙂