Planlegg for egen suksess!
The most reliable way to predict the future is to create it.
Den nye planneren eg fekk i posten i dag er så lekker at den fortjener seriøst eit eige blogginnlegg!
Denne gleder eg meg så vilt til å sette meg ned å planlegge i, booke og skrive ned målene mine i. Den skal brukast kvar dag, og med god grunn. Den gir meg inspirasjon kvar dag, i form av quotes, små tips og gode spørsmål som får meg til å tenke. Den eg har hatt no i 2017 er meget godt brukt, og denne her blir ikkje mindre brukt, DET er bare heilt sikkert!
Selskapet har eit stort år foran seg i 2018. Det er ikkje utan grunn at boka er så eksepsjonelt fin med gullskrift denne gongen. Forever Living Products feirer 40 år. 40 år i 2018! Om ikkje det kvalifiserer til ein real fest og ein formidabel trygghet for oss forhandlere, så veit ikkje eg. Eg er så stolt og glad for at det er akkurat dette selskapet eg kom inn i, og blei ein del av. Eit så seriøst selskap med så gode verdier skal du leite lenger etter!
Det er mange fordelar med å jobbe i Forever. For dei som jobber kontinuerlig med dette, dei som tar seg tid til jobben kvar dag, og som ikkje gir seg ved første vanskelige oppoverbakke, kan få muligheten til å reise på spanderte ferier verda over. Eg har allerede vore på ein drømmeferie eg aldri kjem til å gløyme. Eg fekk den betalt av selskapet, og fekk ta med meg ein til gratis. Eg og mannen min var i Hellas i fjor på ein 5-stjerners resort. Ingen steder vi har vore tidlegare kunne måle seg med det stedet der. Rommet vårt hadde eget basseng! Det er bare å google Costa Navarino om du vil sjå den fantastiske plassen vi fekk oppleve, eller du kan kikke på blogginnlegget mitt som eg skreiv etter den uforglemmelige turen HER. Når vi feirer 40 år neste år skal Forever til USA, og eg vil IKKJE gå glipp av det! Det kjem til å bli ei reise og ein fest uten like! Kven vil vel ikkje reise gratis til Amerika og bu på førsteklasses hotell anyways?!
Eg elsker elsker ELSKER å planlegge, sette meg nye mål og visualisere meg framover. Dette gir meg driv og engasjement i arbeidet, og eg elsker virkelig å jobbe med dette som eg gjer kvar dag. At Forever har laga ein planner som gir meg rom for å kunne drømme og sette meg mål for mange år framover er utrulig kult. For Forever er virkelig eit langtidsprosjekt, noko som eg aldri kjem til å gi slipp på, og som eg inkluderer i så og seie alt eg gjer.
Supersmart er det å planlegge alle ulike områder av livet. Både korleis vi skal utvikle oss på det personlege plan, i lederskap, korleis vi vil reise og ha det gøy, helse og kropp, penger og økonomi, og familien. Alt er inkludert i denne planleggingsboka, og vi kan spesifikt planlegge korleis bli bedre og få det bedre på alle områder. For er det noko eg har lært dei siste åra så er det at alle faktorer i livet må vere balansert og på plass for at vi skal kunne vere lykkelige. Vi må ha kjærleik i livet, ein jobb vi liker å gå til, vi må ha kontroll og stabilitet i økonomien, og ikkje minst god helse. Utan dette er det ikkje alltid like lett å sjå positivt på livet. Eg føler meg vanvittig heldig, og eg ønsker dette for alle andre også.
Sjå så fin den er innvendig! Kvar nye måned får vi tenke over korleis vi ønsker at den nye måneden skal bli.
Og når måneden er slutt oppsummerer vi dagane som gjekk og vi reflekterer over kva som gjekk bra, og kva vi kan gjere bedre.
Eg har aldri planlagt, drømt og jobba så mykje med målsetting tidlegare enn det eg gjer no. Det er i denne jobben eg har lært alt eg kan angåande dette, og så utrulig mykje meir. Eg har lært korleis selge, korleis markedsføre, eg har lært lederskap og business. Eg har vokst mentalt og jobba med tankesettet mitt. Om fokus, disiplin og dedikasjon. Eg har lært kor viktig alle vanene våre er for å komme dit vi ønsker i vår levetid. Eg har fått nye venner for livet, og eg har lært å bli ein som les bøker. Eg har blitt bedre kjent med mine verdier og eg har funne mine lidenskaper. Eg har funne det eg ønsker å jobbe med for resten av livet. Eg føler meg så heldig at det går ikkje an å sette ord på det. Og endå ein ting eg har lært. Det er å drite i kva andre meiner. Du kjem deg ingen vei om du skal bry deg om kva andre meiner. For negative mennesker, det er det nok av. Eg ønsker ikkje å vere ein av dei. Så eg snakker ikkje dritt om andre, og eg ønsker ikkje å vere ein del av samtaler som inneheld dette. Eg er oppriktig glad på andres vegne og ønsker alle godt. Det følast godt å ha det bra med seg sjølv 🙂 Dette har eg lært gjennom akkurat dette selskapet.
Så no har eg bare ein ting igjen å seie: Kom an 2018! LETS DO THIS! Eg er klar for 40-årsfeiring!!
Klem fra Anita