Ro og harmoni i ein travel kvardag

Korleis foretrekker du frisørsalongane? Kanskje du ikkje har tenkt på det?

Etter å ha vore fast hos Melinda på Floke Jølster nokre gonger no, tenker eg over det. Når du går til frisøren, skal det vere di eiga tid. Litt luksustid for deg sjølv. Aleinetid. Noko du unnar deg og ser fram til. Vil du ikkje då gå ut derifrå totalt avslappa, men med ny energi? Vil du ikkje nyte roen medan du er der? Slappe av og senke skuldrane? Tenke på andre ting enn jobb og skulearbeid, og kven som skal køyrast hit og dit og alt det andre som står på agendaen heile veka?

IMG_3083

Vil du ikkje slappe av med ein god te, nyte deilig musikk og få ro i sjela? Føle deg utkvilt og opplada etterpå? Det veit eg at eg vil. Eg har vore hos mange ulike frisørsalongar i mi tid, og eg foretrekker absolutt dei rolige, fredelige salongane med få personar tilstades når eg er der, lun stemning og behagelig musikk. Eg har vore på salongar der vi blir forstyrra av andre frisørar, av mennesker som går att og fram bak deg og kikker på deg i speilet og du føler du sit midt i smørøyet. Der frisørar seg imellom pratar om kva dei skal kommande helg og gløymer å fortelle kunden kor lenge dei må sitte med fargen i håret eller med den varme fønaren rundt hovudet. Der mennesker som popper innom for å bestille time eller kjøpe hårprodukter, og kunden som sit i stolen må vente fleire gonger på å bli ferdig, fordi deira frisør må gå rundt seg sjølv for å takle alle forventningar fra andre menneske som ventar i kø.

IMG_3082

På Floke Jølster har eg funne den perfekte frisørsalongen. Og for ein service. Ikkje bare får eg deilig te i stor kosekopp, så eg føler eg sit heime i godstolen. Eg får også en kjempegod energishot. Den er seriøst kjempegod! Og Choco Chili-teen falt veldig i smak den og! Eg måtte jo bare velge den, då den inneheld sjokolade og chili. Sjokolade fordi det er godt, og chili fordi det hjelper på forbrenninga.

IMG_3081

Etter fleire timar med deilig musikk, mykje prating med frisør Melinda, massasje i hodebunnen under vask og avslappande stemning følte eg meg så avslappa og utkvilt, men full av energi når eg sa hadet og gjekk ut dørene.

IMG_3146

Eg hadde mørkt heimefarga hår tidlegare, men no har Melinda klart å få det lysare med å gjere det gradvis med bruk av mange foliestriper. Det at ho fiksar håret med fine lokkar til slutt er jo ikkje noko å seie på!

IMG_3151

Så om du vil føle deg utkvilt og opplada etter nokre timar med avslapping og verdens mest behagelige musikk, så er det Floke Jølster som er plassen å booke time hos. Gå inn HER og book deg time hos flinke Melinda.

IMG_3109

Om ikkje dette var nok begrunning for å velge Floke Jølster som din frisørsalong, eller Floke generelt, avhengig av kvar i landet du bur, så skjer det no store ting i Floke! Snart skal alle ledarar i Floke samlast i Oslo og gjennomgå ein eksamen, kunne Melinda fortelje meg. Eg blir jo ikkje mindre nysgjerrig når ho seier slikt. Kva kan det vere som skal skje tenker eg?

Eg veit jo allerede at Floke er ein grønn frisør, noko som gir meg trygghet i at produkta som blir brukt er miljøvennlige og at håret mitt blir tatt vare på. Og no er det enda noko meir som skal skje som eg er sikker på vil gjere oss kunder endå meir trygge, og frisørane vil føle seg endå meir stolte over det dei gjer og produkta dei fører.

Filosofien til Floke sine salonger er å ta best mogeleg vare på helsa til kunden, til frisøren og ikkje minst ta vare på miljøet. Det å gje alle ei sunnare frisørbehandling er Floke sitt hovudfokus. Dei tilbyr ei behandling heilt fri for allergi og kreftframkallande stoff! Noko eg synast er så viktig!

 «Ei behandling hos Floke skal gje ei heilskapleg oppleving av ro og harmoni – med eit flott hår som resultat» – Eg kunne ikkje sagt det bedre sjølv, det er akkurat slik eg føler det.

IMG_3106

Hår: Floke Jølster 

Jakke: Norgesbeast 

Headphones: Alwaystrendy

Fram til neste frisørbesøk skal denne testast! Sjå kor spennande!

IMG_3142

«ORGANIC TRIM FIGURE GREEN TEA»

IMG_3143

Alle veit jo at grøn te er bra for både helsa og forbrenninga, så denne blir meget interessant å teste! Kjøp den hos Floke Jølster. Salongen ligg inne i Jølstraholmen Senter, så det er bare å stikke innom Melinda der.

Følg Floke Jølster HER og HER.

Tusen takk for ei alltid hyggelig oppleving hos Floke Jølster. Vi snakkast snart igjen.

Klem fra Anita