Så sei det då!

Det ligg bare og ulmer når ein ikkje snakkar om det.. 

Det gjekk opp for meg her ein dag at eg ikkje er ei som deler følelser. Eg deler ikkje eingong med mine nærmaste. Eg er ei som gråter aleine, og foretrekker å vere aleine. Eg er ikkje meg sjølv ute blant folk, og eg slapper mest av når eg er heilt aleine. Det er kun familien som eg bur med, som kjenner meg ekstremt godt. Men ikkje eingong dei ser den sanne meg. For når eg slit, slit eg stort sett aleine. Og dessverre er det mange som meg. Det er mange som ikkje tørr å dele sine følelser, som ikkje våger å vise kva dei eigentleg meiner, kva dei eigentleg føler. Det er mange som lider i stillhet. Eg er ein som skriv, eg er ikkje ein som prater. Det er kanskje difor blogging er noko eg alltid har likt for å kunne skrive, dele eller for å koble av.

Eg er den som ikkje prater så mykje i selskaper, fordi eg veit kor glad folk er i å prate om seg sjølv og sine problemer. Og det gjer meg ingenting, så lenge eg slipper å prate sjølv. Eg ønsker ikkje å vere midtpunkt, eg vil helst bare bli ferdig med å vere sosial, og komme meg heim i mi trygge hule for å kunne vere meg sjølv igjen. Det høyrast nok heilt rart ut for dei som ikkje kjenner dette igjen i seg sjølv, men gjett om eg veit at det er mange som tenker på same måte som meg. Eg har vel eit håp om at det kan hjelpe dei og, når eg endelig tørr å dele at EG OG er sånn.

Året 2019 blir eit transformerande år for meg. Eg bare veit det. Eg skal tørre å dele meir og få ut mine følelser, ikkje bare skjule dei. Kanskje dette vil endelig gjere til at eg ikkje søker mat for å få trøst og den korte godfølelsen som gir meg sjukt dårleg samvittighet rett etterpå! Kanskje eg heller søker til dere. Til DEG som leser dette.

For akkurat no har eg det tøft, og det er på tide å gjere litt endringer. Eg skriv litt endringer, fordi eg orker ikkje å setje meg altfor store mål. Etter å ha gått opp igjen alle kiloane eg tidlegare har mista, merkast det på kroppen. No er det ikkje bare snakk om det ytre for meg lenger, no er det at eg må ta vare på meg sjølv for helsa sin del. Eg vil ha god helse, både fysisk og psykisk. Det er på tide å bli meir åpen og ærleg (skriftlig altså, eg kjem ikkje til å ville SNAKKE om dette..), og det vil hjelpe meg, og forhåpentligvis fleire. Eg ser fram til bedre mental helse, som igjen vil gi meg bedre helse generelt. Eg gledar meg. Og å glede seg, det kjennast godt når ein ikkje gledar seg til så mykje ellers om dagen. Men eg veit det blir bedre, spesielt no når eg skal endelig tørre å dele med dere. Ja, eg gledar meg.

Tusen takk for at du tar deg tid til å lese.

 

Klem frå Anita