Sjokoladetrukket bananis med mandelstrøssel

Sunn søndagssnack

I dag tidleg skulle eg overraske mine kjære 3 mirakler/rabbagaster med ein sunn og god snack.

Vel. Overraskelsen gjekk bra. Men smakstesten feila.

«Sjokoladen var for sterk. For mørk. Ekkel.»

WHAT!?! Her står eg i timesvis, eller 10 minutt, lørdagskvelden, og lagar dritgod snacks til barna mine, og så får eg den i fleisen søndagsmorgen! Men jau. Used to it. Det er ofte dei likar det eg lagar og eksperimenterer med altså, men ofte kan dei ikkje hjelpe for det: Det smakar ikkje godt for barnemunn som ikkje er vant. Slik er det bare.

Hadde eg derimot brukt lysare sjokolade, hadde nok tåta fått ei anna låt ja!

Men kjekt var det likevel å prøve seg 😉

Her er oppskrift for dei som måtte vere interessert:

2 bananer 

80 g sjokolade 86%

Hakka mandlar 

Så enkelt: Kutt bananene i 2, smelt sjokoladen forsiktig, rull bananbitane i den smelta sjokoladen, rull dei så i hakka mandlar, og legg i frysen over natta. Fiks ferdig sunn bananis dagen etter.

– Remember. When your body is hungry, it wants nutrients, not calories. – 

 

Mvh Anita