Skjema for endring
Det er ikkje ukjent at motivasjonen kan svinne hen iblant, og at vi føler oss svært lite inspirert i perioder, og lurer på korleis dette skal gå vidare. Nokre gonger er det ikkje så mykje som skal til for at vi blir motiverte igjen, mens andre gonger kan det gå fleire veker og månadar før vi i det heile tatt ser lyset i tunnelen igjen. No er det jo slik at eg personleg ser på motivasjon som noko vi ikkje kan stole på, fordi den går opp og ned som den vil. Difor er det viktigare å fokusere på å lage seg bedre VANER, enn å leite etter motivasjonen når den forsvinner.
Dette skjemaet eg har til deg i dag er ein motivasjonsboost, men og noko som vil hjelpe deg å sjå kor viktig det vil bli å endre vanene dine. Dette er eit skjema for ENDRING! Noko som vil gi deg den boosten du lengter etter i dei periodane det går litt trått. Dette skjemaet har hjulpet meg meir enn 1 gong, og no vil eg lære vidare denne «teknikken».
Det er rett og slett slik det fungerer:
– Under NO (NÅ) skal du skrive korleis du har det no; Sjølvfølelse, dårleg sjølvtillit, svake sider, blakk, føler du deg mislykka, ja få ned på papir det du vil fokusere på i endringen, korleis du faktisk har det og føler det no. Du bestemmer kva og kor mykje du vil endre.
– Under UTEN ENDRING skriver du korleis du er og har det om for eksempel 6 eller 12 måneder fram i tid om du ikkje endrer noko. Skriv eksakt dato for å få eit skikkelig virkelighetsbilde. Korleis følast det om 6 måneder om du ikkje begynner å gjere den endringen du ønsker i dag? Følast det bra å føle seg enda verre med dårlegare sjølvfølelse, vere like svak, enda blakkere, eller ha den fæle, tyngande følelsen du har no i dag? Vil du sitte med den samme følelsen om 6 måneder?
– Under UNNSKYLDNINGER kan du skrive alle unnskyldningene dine som dukker opp, som hindrer deg i å gjere det du innerst inne vil, men kanskje ikkje gidder eller tørr. Vi har alltid mange dumme unnskyldninger på lur som ødelegger for vår framgang, skriv dei ned!
– Under MED ENDRING skriver du kor du er om 6 eller 12 måneder om du faktisk begynner å gjere ei endring no! Store eller små endringer, alt teller, bare du starter. Skriv ned dato, og skriv ned kva for nokre fantastiske endringer som har skjedd fordi du gjorde noko for 6-12 månadar sidan! Kor bra følast det? Er du lettare i hodet, i tankane, i kroppen? Er du blitt sterkare og føler deg råare? Føler du deg bedre i egen kropp, fordi du tørr å leve litt meir og gjer ting du ikkje turte før? Har du begynt å spare meir penger?
– Under HANDLINGER skriver du kva du faktisk kan gjere for å komme dit du vil til den eksakte datoen. Gå turer, endre litt i kostholdet, lese meir bøker, finne mentale verktøy, spare meir penger, ikkje bruke så mykje penger, gå ut og få nye venner som hjelper deg opp og fram, melde deg inn på treningssenter eller booke timer hos PT, drikke meir vatn, bytte ut junkfood med digg mat fra bunnen av. Det er så mange endringer, små og store, vi kan gjere som vil hjelpe oss dit vi vil. Vær gjerne mykje meir SPESIFIKK enn mine forslag her også.
Eg ønsker deg masse lykke til med dette skjemaet, eg veit det vil hjelpe deg om du virkelig går inn for det og setter deg ned og gjer det skikkelig! Det kan virkelig endre tankegangen og gi deg ein skikkelig hjelpsom boost, slik det har gjort fleire gonger for meg.
GOOD LUCK AND ENJOY THE CHANGE 🙂
Skrevet av Anita Veberg