Styggen på ryggen

Du har vel opplevd han?

Styggen på ryggen er min begrensa tankegang. Han som minner meg på at eg kanskje ikkje er god nok likevel. Det eg må gjere er å få han sjeldnare på besøk. Det er vel ganske umulig at han aldri skal komme innom, men om eg kan gjere visittane hans sjeldnare, kortare og minst mulig smertefulle, så er eg godt på veg!

 

Du har vel opplevd han du og? Dessverre har dei fleste det, mest truleg alle. Styggen på ryggen begrenser dine ferdigheter og muligheter. Skjønner du kor alvorlig det faktisk er? Veit du at du kan bli så suksessfull, så sprek, så fri, så glad, som DU bare vil??! At du KAN klare alt du drøymer om?! Men du MÅ jobbe for det. Vi må alle jobbe med vår tankegang. Vi må jobbe med vår tru på oss sjølve.

 

Om du klarer å fokusere på DINE draumar, det som er riktig og viktig for DEG, kan du gjere absolutt alt. ALT. Men korleis? Ved sidan av å lese bøker om sjølvutvikling og prøve seg på utfordringer, altså gå ut av komfortsona og gjere ting du egentlig ikkje tørr (fordi du har begrensa tru på deg sjølv), kan du lære deg å vri den negative tanken til noko positivt. Dette kan du bli ein mester på med litt øving.

 

Eit eksempel:

Du mister mobilen din.

Positiv tanke: «Då lærer eg å ta bedre vare på tingene mine.»

Positiv tanke: «Då må eg ta kontakt med mange bekjente og venner igjen og eg får bedre oversikt over nettverket mitt.»

Kjelde: https://suksesser.wordpress.com/artikler/limiting-beliefs-begrenset-tankegang/

 

Eit anna eksempel:

Dette er noko eg har gjort sjølv. Då eg var på mitt største ville eg ikkje ut av huset. Men eg visste at eg måtte komme meg ut og gå tur for å føle meg bedre og begynne på den lange reisa mot ein sunnare kropp. Eg trudde alle tenkte stygge tankar om meg, om at eg var så tjukk, at eg ikkje måtte spise så mykje og alle slags destruktive tankar. Det er grusomt å føle seg slik, og eg har jo skjønt no at folk tenker jo egentlig mest på seg sjølve, så eg hadde nok lite å frykte. Men det eg gjorde når eg var ute og gjekk tur var at eg fokuserte på naturen og alt anna rundt meg, enn den personen som kom imot meg og hadde, i følge meg sjølv, stygge tankar om meg og min utsjånad. For meg vart det meir overlevelig å gå tur då, og med litt øving blei det enklare og enklare. Eg tenkte for eksempel på at blada på trærne var så fine når det var haust, og at det var nydelig solskinn osv. Det høyrast kanskje banalt ut, men det funka for meg. Eg vinkla negative tankar om til positive tankar.

 

Skal du få færre besøk av Styggen på ryggen, må du investere tid i sjølvutvikling, og du må få bedre vaner enn det du allerede har. Begynn i det små. Kva er den verste vanen du har? Korleis kan den gjerast  bedre eller byttast ut med ei bedre vane? Ting tar tid, og det skal det gjere. ALLE GODE TING TAR TID. Hadde det vore enkelt hadde alle gjort det.

 

Skrevet av Anita, LA Lifestyler.