Supersaftig langpannekake!
Det er fredag og helg, og sikkert mange som har bursdag i dag!? Så då feirar vi for alle som har bursdag i dag med oppskrift på denne rågode langpannekaka som eg laga til sommerfesten i barnehagen. Den gjekk unna i ein fei i barnehagen, og var stor suksess her heime også når vi skulle prøvesmake.
Den er virkelig FOR god til å ikkje delast! Det finnast truleg ikkje saftigare sjokoladekake, og min personlege meining er at dette er virkelig verdens beste sjokoladekake!
INGREDIENSER KAKEBUNN:
1 liter (600 g) kveitemjøl
1 liter (900 g) sukker
3 ss Freia Bakekakao
2 ts natron
1 ts Freia Bakepulver
1 ts Freia Vaniljesukker
1 ts kanel (kan sløyfast)
1 liter skumma kulturmjølk
FRAMGANGSMÅTE BUNN:
Bland dei tørre ingrediensane i ein bolle. Tilsett kulturmjølka og rør det heile godt saman. Hell røra i ei smurt langpanne, bruk gjerne bakepapir. Steik kaka ved 200 grader i 25-30 minutt på midterste rille. Avkjøl kaka i forma på ei rist.
INGREDIENSER GLASUR:
1 dl kremfløte
200 g Dronning Sjokolade
FRAMGANGSMÅTE GLASUR:
Kok opp kremfløte. Brekk sjokoladen i biter og smelt den i den varme fløten. Rør godt til glasuren er blank og fin. Avkjøl før den smørast over kaka. Her er det pynta med Center, sjokoladestjerner og karamellfudge. Å ta nokre bitar fudge fra smågodtposen og kutte dei til mindre bitar er og kjempegodt å dekke kaka med.
*****
Denne må dere teste! Let me know what you think! 🙂
Klem fra Anita
Rachel Haugland
17/11/2020 @ 13:19
Er dette stor langpanne?
Anita Veberg
14/12/2020 @ 09:22
Det er iallfall ei langpanne! Hehe, om mi langpanne er større enn vanleg trur eg ikkje, så det er ei vanleg stor langpanne 😉