Supersaftig langpannekake!
Det er fredag og helg, og sikkert mange som har bursdag i dag!? Så då feirar vi for alle som har bursdag i dag med oppskrift på denne rågode langpannekaka som eg laga til sommerfesten i barnehagen. Den gjekk unna i ein fei i barnehagen, og var stor suksess her heime også når vi skulle prøvesmake.
Den er virkelig FOR god til å ikkje delast! Det finnast truleg ikkje saftigare sjokoladekake, og min personlege meining er at dette er virkelig verdens beste sjokoladekake!
INGREDIENSER KAKEBUNN:
1 liter (600 g) kveitemjøl
1 liter (900 g) sukker
3 ss Freia Bakekakao
2 ts natron
1 ts Freia Bakepulver
1 ts Freia Vaniljesukker
1 ts kanel (kan sløyfast)
1 liter skumma kulturmjølk
FRAMGANGSMÅTE BUNN:
Bland dei tørre ingrediensane i ein bolle. Tilsett kulturmjølka og rør det heile godt saman. Hell røra i ei smurt langpanne, bruk gjerne bakepapir. Steik kaka ved 200 grader i 25-30 minutt på midterste rille. Avkjøl kaka i forma på ei rist.
INGREDIENSER GLASUR:
1 dl kremfløte
200 g Dronning Sjokolade
FRAMGANGSMÅTE GLASUR:
Kok opp kremfløte. Brekk sjokoladen i biter og smelt den i den varme fløten. Rør godt til glasuren er blank og fin. Avkjøl før den smørast over kaka. Her er det pynta med Center, sjokoladestjerner og karamellfudge. Alt kjøpt på Coop Extra Førde.
*****
Og PS.Heile oppskrifta står bak på sjokoladen brukt i glasuren: Freia Dronning Sjokolade 200 gram. Så då kan dere følge oppskrifta der om dere vil. Seriøst, denne må dere teste! GOD HELG DA! Let me know what you think! 🙂
Klem fra Anita
17/11/2020 @ 13:19
Er dette stor langpanne?
14/12/2020 @ 09:22
Det er iallfall ei langpanne! Hehe, om mi langpanne er større enn vanleg trur eg ikkje, så det er ei vanleg stor langpanne 😉