Ta vare på hår og miljø på Floke Frisør

Life is more beautiful when you meet the right hairdresser.

Tirsdag var det strake vegen til Floke Jølster etter PT-timen på Spenst Førde. Strake vegen til frisørbehandling, vask med massasje, kaffi i stor kosekopp og Floke´s egen energishot, behagelig musikk og skikkelig kvalitetstid i frisørstolen. YES!

Eg er så utrulig takknemlig, Melinda, for samarbeidet vårt, og eg er så glad for å få vere hos deg på salongen din. Både du og Floke engasjerer dere og bryr dere om miljøet, det skulle vore fleire som dere.

IMG_1439

Fargen Melinda brukte i håret mitt er ikkje ein gong skadeleg på håret mitt! Hårfargen ho brukar inneheld verken allergiframkallande eller hormonforstyrrande stoffer. Den slit ikkje på håret når ein fargar det, den pleiar det istaden. Den blir utruleg glansfull, då den sett seg i håret på ein annan måte enn andre fargar. Den er ein av få fargar som ikkje inneheld det sterkt allergi- og kreftframkallande stoffet PPD. Er ein allergisk mot PPD eller datterstoffet PTD kan det få fatale følger å farge seg med hårfarge som inneheld dette. Det er dette stoffet som ofte gjer at frisørar må gi seg i yrket sitt, for ein kan utvikle allergi mot PPD etter å ha arbeida med det i mange år. Det er ikkje berre farge som inneheld dette stoffet, ein kan finne det i f.eks svart gummi og svarte klær.

IMG_1447

Energishoten Melinda lagde til meg var kjempegod!


La oss snakke litt om miljø og avfall.

Kvart år havnar 8 millionar tonn plast, tilsvarande eit lastebillass i minuttet, i havet verda over. I Noreg dumpast det årleg 34 000 tonn søppel bare i Nordsjøen. I tillegg sleppast det ut 8000 tonn mikroplast, plastartiklar mindre enn 5 mm, årleg. Når plasten først har komt ut i naturen kan den forurense i hundrevis av år. Kvar dag skyller ein person ut fleire hundre mikroplastpartiklar i vasken frå såpe, sjampo, vask av fleeceklede osv.

I 2050 kan det vere meir plast enn fisk i havet om dagens utvikling fortset. Plast truer livet i havet ved at fisk, kval og andre dyr spiser plasten. Dyra, som ikkje greier å bryte ned plasten, fyllast opp av den og kan svelte i hel. Tilfelle som gåsenebbkvalen, som blei skylt i land med magen full av plastposer utanfor Bergen, er dessverre ikkje unike. I havet brytast plasten med tida ned til mikroplast. På same måte som plast truar dei store dyra som kval og sjøfugl, truar mikroplast dei mindre dyra i havet, sjølve grunnsteinen for havets liv. I tillegg suger mikroplasten til seg miljøgifter. Giftstoff akkumulerast opp i næringskjeda når dyr spiser mikroplast då den blir forveksla med algar og plankton, og gifstoffa endar opp i fiskemiddagar. Årleg kan fiskeetarar få i seg 11 000 mikroplastpartiklar i året. Det er ingen forskning på kva dette gjer med kroppen vår, men med sunn fornuft skjønner ein at dette ikkje er bra for oss.

Kjeldene til plastforureinsning er fleire. Mikroplast kjem blant anna frå slitasje av bildekk, gummigranulat i kunstgrasbaner, maling, kosmetikk, hår- og hudprodukt, og då spesielt frå billigprodukt frå butikken.

Her må tiltak setjast i gang.


Eg syns håret mitt var litt for mørkt og ønska meg friskere farge, meir liv i håret. Med Melinda´s magiske frisørhender fekk eg ein kjempefin, lysare farge, og ikkje nok med det, nydelege krøller, som eg ikkje hadde lyst å vaske ut. Det at dette sliter minimalt på håret, gjer meg ekstremt glad og trygg på frisøren min og salongen.

IAWJ5225

Blei det ikkje fint?? 🙂

Floke arbeidar dagleg med å bevare miljøet vårt, der alt av avfall blir sortert. Ingen av produkta til salg eller som blir brukt i salongen, til dømes farge og bleiking, inneheld mikroplast eller andre skadelege kjemikaliar.

Høsten 2009 fekk Floke Grønn Frisør AS utdelt en arbeidsmiljøpris for sitt innovative arbeid med arbeidsmiljøet som en helhet, fra produktutvalg til ledelsesfilosofi og miljøtanke! 


Eg er alltid strålande fornøgd, avslappa og samtidig oppkvikka etter eit besøk på Floke Jølster. Ser allerede fram til neste gong. Takk, takk, takk, kjære Melinda 🙂

IMG_1449

Følg meg gjerne på Snapchat: Neeten

Bestill time hos Melinda HER.